Middelhavsmåse (Ichthyaetus audouinii) er ein mellomstor art i måsefamilien med ein hekkepopulasjon på mindre enn 21 000 par og er avgrensa til Middelhavet og atlanterhavskysten av Marokko og Portugal.
Arten vart først skildra i 1826 av Charles Payraudeau under namnet Larus audouinii, med Sardinia og Korsika som oppgjevne leveområde. I 1829 innførte Johann Jakob Kaup slektsnamnet Ichthyaetus, frå gamalgresk ἰχθύς (ikhthús), som betyr «fisk», og ἀετός (aetós), som betyr «ørn». Artsnamnet audouinii heidrar Payraudeau sin ven, den franske naturforskaren Jean Victor Audouin (1797–1841).
Skildring
Middelhavsmåsen er ein mellomstor måse med ei kroppslengd på om lag 48-52 cm og han veg 450–770 gram. Han er kvit på hovud, hals, underside og stjert, medan rygg og overside av vengene er lys grå. Nebbet er korallraudt med ein svart ring nær den gule spissen, og føtene er mørk olivengrøne. På avstand verkar auge, nebb og føter svarte. Sjølv om arten storleiksmessig ligg nær gråmåse, verkar han slankare og lettare bygd, og liknar meir ein stor fiskemåse i utsjånad.
Utbreiing
Middelhavsmåsen hekkar på kystklipper, øyar og holmar, men òg på sandige og salthaldige kystområde som ved Ebrodeltaet i Spania. Hekkekoloniane ligg innanfor følgjande land, i rekkefølgje etter omtrentleg storleik på populasjonen: Spania, Portugal (Algarve), Italia (Dei toskanske øyane og Sardinia), Hellas, Algerie, Marokko, Tunisia, Tyrkia, Frankrike (Korsika), Kypros og Kroatia. Middelhavskysten av Spania har langt over halvleiken av den globale populasjonen, ca. 12100 par i 2017. Dei største koloniane finst per 2020 på Islas Chafarinas nær Marokko og ved Ebrodeltaet sørvest for Barcelona.
Overvintring skjer langs kystar av Nord-Afrika og Vest-Afrika sør til Senegal, i mindre grad lengst aust i Middelhavet. Somme år har nokre fuglar overvintra på Ebrodeltaet.
Levevis
Dette er ein art som lever kystnært, middelhavsmåsen et hovudsakleg fisk som han fangar langs kysten, spesielt artar av sildefisk (Clupeiformes). Dei blir òg tiltrekte av fiskeavfall frå fiskebåtar. På land kan dei ta småfuglar, små pattedyr og reptil, plantemateriale slik som frø, og som mange andre måseartar vil dei beite på avfall på søppelfyllingar.
Middelhavsmåsen er ein kolonihekkar i koloniar som kan variere frå berre nokre få til over tusen par. Hekkinga skjer vanlegvis i faste område, men nye koloniar kan òg oppstå, slik som i Ebrodeltaet, der bestanden auka frå 36 par i 1981 til 15 396 par i 2006.
Status
Etter ein auke i bestanden i det vestlege Middelhavet fram mot 2007, er han no minkande og arten blir rekna som sårbar (VU) av Verdas naturvernunion IUCN per 2020.
Den globale populasjonen har hatt store svingingar i storleik frå berre ca. 1000 par i 1975 til eit maksimum på kanskje 25 000 hekkande par i 2007. I 2006 hadde Ebrodeltaet ca. 15 000 par, nær 2/3 av global populasjon. I løpet av 13 år minka hekkekoloniane ved Ebrodeltaet til 1355 par grunna åtak frå predatorar, innfødde pattedyr, samt at tilgang på fiskeavfall frå fiskeflåten blei redusert.
Estimat for dagens populasjon er 33 000-46 000 individ inkludert ungfuglar.
Nemnde trugsmål mot arten er reduksjon av tilgang på fiskeavfall, bifangst ved linefiske, invasive rotter og (lokalt) predasjon frå gulbeinmåse (Larus michahellis).
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Korallenmöwe» frå , den 11. oktober 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen