Skifermåse (Larus schistisagus) er ein stor art i underfamilien måsar (Larinae). Arten finst berre langs kystane kring Beringhavet. Han er monotypisk og kraftig bygd. Verdas naturvernunion IUCN vurderer arten som «livskraftig» (LC).
Skildring
Skifermåsen blir 55–67 cm lang og har eit vengespenn på 132–148 cm. Han veg i gjennomsnitt om lag 1,35 kg.
I praktdrakt har arten kvitt hovud og underside, medan rygg og venger er skifergrå. Halen er kvit, og vengespissane har lysare kantar. Nebbet er gult med ein raud flekk på nedre nebbhalvdel, og innsida av nebbet er bleikrosa. Auga er gule eller gulbrune, med ein tydeleg raud augnering. Føtene og beina er rosa, stundom kraftig raude.
I ikkje-hekkedrakt er hovudet fint brunstripa, særleg på nakken og sidene av halsen, og mange individ får ei mørk stripe over auget.
Ungfuglar er jamt gråbrune med mørk brun hale. Nebbet er først mørkebrunt, men blir matt gult i den andre vinteren.
Utbreiing
Skifermåsen hekkar på Tsjuktsjarhalvøya, Kamtsjatkahalvøya, den nordlege kysten av Okhotskhavet og på Kommandørøyane. Arten er delvis trekkfugl; somme blir verande i hekkeområda dersom istilhøva tillet det, medan andre flyttar sørover til Japan, meir sjeldan til Taiwan om vinteren.
Levesett
Skifermåsen er altetande. Han et fisk og virvellause dyr, men òg fuglar og egg og utkast frå fiskeri. I innlandet fangar han stundom smågnagarar. Samstundes er han, saman med beringmåse (Larus glaucescens), ein viktig predator på sjøfuglar, mellom anna krykkje og papegøyealke.
Arten hekkar både einskildvis og i små koloniar. Han er monogam, og para kan halda saman i fleire hekkesesongar. Reiret blir vanlegvis bygd eit stykke frå kysten, ofte berre som ei grunn grop, men stundom med noko plantemateriale.
Hoa legg vanlegvis to til tre egg, som er bleikbrune med mørkare flekkar. Rugeperioden varer i 26–28 dagar. Begge foreldra deltar i ruging og mating av ungane. Ungane blir mata av foreldra i 40–45 dagar.
Status
IUCN har klassifisert arten som «livskraftig». Storleiken på den globale populasjonen er usikker, eit grovt estimat frå før siste hundreårsskifte ligg på 100 000 hekkande par, i tillegg kjem fuglar frå dei tre første aldersklassane. Skifermåsen hekkar første gongen ved om lag fire års alderen.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer dels på «Kamtschatkamöwe» frå , den 15. oktober 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen