Kanadahettemåse (Chroicocephalus philadelphia) er ein monotypisk måseart som lever i Nord-Amerika, den nearktiske biografiske regionen. Han liknar mykje på hettemåse, men er noko mindre. Det engelske namnet Bonaparte's gull heidrar den franske naturforskaren Charles Lucien Bonaparte, nevø av Napoleon Bonaparte.
Skildring mini|venstre|Kanadahettemåse i vinterdrakt Kanadahettemåsen er ein liten måse med ei kroppslengd på 28–30 cm og vengespenn. Hannfuglar er litt større en hoer, gjennomsnittleg kroppsvekt ca. 220 gram versus 200 gram.
I hekkedrakt har arten eit mørkgrått til svart hovud, der den mørke fargen strekkjer seg frå øvre nakke til haka. Nebbet er svart med lysande oransjeraud innsida, og det finst ein tynn mørkraud augering. Iris er mørkebrun. Over og under auget finst to kvite, halvmåneforma flekkar. Oversida og stjerten er kvite, medan brystet og buken hos somme individ kan ha eit svakt rosaskjær. Oversida av vengene er blågrå, med svarte spissar på dei ytste handsvingfjørene. Beina er oransjeraude.
Utan om hekketida manglar den mørke hetta. Det finst då berre ein svart, halvmåneforma flekk ved øyret og ein liten mørkgrå flekk framfor auget. Oversida av hovudet verkar skitten grå, og beina er lyserosa. Juvenile har ein mørk øyreflekk, skitnebrun nakke og hovud, og bleik gråbrun overside.
I utbreiingsområdet kan arten forvekslast med sabinemåse (Xema sabini), men denne har kløyvd stjert.
Utbreiing
Kanadahettemåsen hekkar i det sørlege Alaska, men er der relativt sjeldan langs både vest- og nordkysten. Han hekkar òg i Yukon og vidare austover i Canada til sørkanten av Hudsonbukta. Leveområdet er innsjøar og vatn i barskogbeltet.
Arten er trekkfugl og flyttar sørover om vinteren, til aust- og vestkysten av USA sør til nordlege Mexico. Fåtalige overvintrar på Bermuda, Cuba og ved Dei store sjøane. Han er ein sjeldan streiffugl i Europa, per 2025 finst det 31 godkjente registreringar av kanadahettemåse på streif i Noreg.
Levesett
I hekketida lever kanadahettemåsen hovudsakleg av insekt, som han fangar i lufta, på bakken eller frå vassoverflata. Om vinteren et han mest småfisk og krepsdyr. Då opptrer han ofte sosialt i store flokkar.
Hekking skjer vanlegvis enkeltvis, men små koloniar kan òg finnast. Arten dannar etter det ein veit monogame par.
Reiret vert bygd i tre, noko som er uvanleg for måsar. Det består av små greiner og er fôra med mose og gras. Tidvis brukar fuglane reir frå året før, som dei byggjer vidare på. Kullet er vanlegvis på tre egg. Ruginga varer i 22–25 dagar, og begge foreldra deltek. Kanadahettemåsen hekkar normalt første gong i toårsalderen.
Status
Verdas naturvernunion IUCN reknar kanadahettemåsen som ein livskraftig art (LC) og estimerer den globale bestanden til mellom 255 000 og 525 000 vaksne individ.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer dels på «Bonapartemöwe» frå , den 19. oktober 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen