Susumu Kitagawa () er ein japansk kjemikar og Nobelpris-vinnar som spesialiserer seg i koordinasjonskjemi, med særleg vekt på organisk–uorganiske hybridforbindelsar og dei kjemiske og fysiske eigenskapane til porøse koordinasjonspolymer, særleg metall–organiske rammeverk (metal-organic frameworks, MOF). Han er utnemnd til Distinguished Professor ved Universitetet i Kyoto sitt Institute for Integrated Cell-Material Sciences (iCeMS), som han var med på å grunnleggje. I 2025 vart han tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Richard Robson og Omar M. Yaghi.

Bakgrunn mini|venstre|Kitagawa deltok på eit nettmøte med Shigeru Ishiba. (9. oktober 2025) Kitagawa vart fødd 4. juli 1951 i Kyoto.Nobel Prize in Chemistry 2025 – Susumu Kitagawa

Kitagawa tok doktorgraden (PhD) i hydrokarbonkjemi ved Universitetet i Kyoto i 1979, etter å ha teke bachelorgraden ved same institusjon. Same året vart han tilsett som assisterande professor ved , der han vart førelesar i 1983 og førsteamanuensis i 1988.

I 1992 vart Kitagawa professor i uorganisk kjemi ved Tokyo Metropolitan University. Han vende tilbake til Universitetet i Kyoto i 1998 som professor i uorganisk funksjonell kjemi ved Institutt for syntetisk kjemi og biologisk kjemi. I 2007 var han med på å grunnleggje Institute for Integrated Cell-Material Sciences (iCeMS), der han først var nestleiar, og sidan direktør frå 2013 til 2023. I 2024 vart han utnemnd til Executive Vice-President for Research Promotion ved Universitetet i Kyoto.

Han har òg hatt utanlandske akademiske opphald, mellom anna som postdoktor ved hos F. Albert Cotton (1986–1987) og som gjesteprofessor ved (1996). I 2018 fekk han ein æresdoktorgrad frå Technische Universität München.

Kitagawa var medlem og assosierande medlem av Science Council of Japan frå 2011 til 2023.

I 2025 fekk Kitagawa, saman med Richard Robson og Omar M. Yaghi, Nobelprisen i kjemi for deira banebrytande arbeid med molekylære byggjesteinar for metall–organiske rammeverk.

Forsking Etter oppdagingane til Makoto Fujita (1994) og Omar M. Yaghi (1995) viste Kitagawa i 1997 at strukturar av koordinasjonspolymer har gassadsorpsjonseigenskapar – eit sentralt funn for utviklinga av funksjonelle porøse materiale.

Dei mest innflytelsesrike arbeida hans inkluderer: Ein banebrytande publikasjon frå 1997 om ein porøs koordinasjonspolymer (MOF) for adsorpsjon av små molekyl. Ein tidleg gjennomgang frå 2004 om funksjonelle porøse koordinasjonspolymer. Ein gjennomgang frå 2009 om «mjuke porøse krystallar», som kan endre struktur i stor grad ved kjemisk eller fysisk påverknad.

Prisar og utmerkingar 2003 – Chemical Society of Japan (CSJ) Prize for Creative Work 2008 – Humboldt Research Prize 2009 – Chemical Society of Japan Award 2010 – Thomson Reuters Citation Laureates 2011 – Medal with Purple Ribbon 2013 – De Gennes-prisen 2016 – Japan Academy Prize 2016 – Fred Basolo Medal, 2017 – Chemistry for the Future Solvay Prize 2017 – Fujihara-prisen, The Fujihara Foundation of Science 2019 – Grand Prix de la Fondation de la Maison de la Chimie 2019 – Emanuel Merck Lectureship 2019 – Medlem av Japan Academy 2023 – Fellow of the Royal Society 2025 – Nobelprisen i kjemi 2025 – Person of Cultural Merit (Person med særleg kulturell forteneste) 2025 – Order of Culture (Kulturordenen)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Susumu Kitagawa» frå , den 23. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Japanske kjemikarar Kategori:Japanske professorar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Japanske nobelprisvinnarar