Christine Diane Witty () er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og syklist. Ho vart sprint-verdsmeister i 1996 og olympisk meister på 1000 meter i 2002, begge på skeiser.
Karriere Skeisesport Witty deltok i internasjonale tevlingar frå 1995 til 2006. I februar 1996 gjekk ho til topps i Skeise-VM i sprintfirkamp i Heerenveen, vann med 0,18 tidspoeng framom norske Edel Therese Høiseth. Åra 1997 og 1998 kom Witty på tredjeplassen i sprint-VM. Då Vinter-OL 1998 vart avvikla i Nagano, sikra ho seg bronsemedaljen på 1500 meter og, tre dagar seinare, sølvmedaljen på 1000 meter.
I sprint-VM 2000 vann Witty begge 1000-meterane, samanlagt kom ho på andreplass, berre tyske Monique Garbrecht var betre. Under dei olympiske leikane i Salt Lake City i 2002 sette Witty verdsrekord på 1000 meter og vann gullmedaljen på distansen. På den olympiske 1500-meteren vart ho nummer 5.
Witty sanka tre medaljar i VM enkeltdistansar, alle på 1000 m. Ho vann sølv i 1996, gull i 1998 og bronse i 2000.
Sykkelsport Wiity kom på femteplass på 500 meter sykkeltempo under Sommar-OL 2000 i Sydney.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chris Witty» frå , den 18. november 2025.
Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Syklistar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Syklistar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006