Julerose (Helleborus niger) er ein art i juleroseslekta i soleiefamilien. Han er ein staude som blømer tidleg om våren eller om vinteren. Planten blir 15–30 centimeter høg og har handflika blad. Blomane har fem kvite begerblad, mange pollenberarar og fruktblad, og ei mengd små, røyrforma kronblad som er omforma til nektarium.
Julerose blir dyrka som prydplante, og kan nyttast som juleplante. Det finst fleire hybridar mellom denne arten og nære slektningar av han.
Taksonomi Arten blei fyrst skildra av Carl von Linné i fyrste bandet av Species Plantarum i 1753. Det latinske epitetet niger, som tyder ‘svart’, viser til fargen på rota. Det finst to underartar: H. niger subsp. niger og H. niger subsp. macranthus, som har større blomar enn den fyrste (diameter opptil 9 cm). I naturen veks H. niger subsp. niger vanlegvis i fjellområde i Sveits, sørlege Tyskland, Austerrike, Slovenia, Kroatia og nordlege Italia. Helleborus niger subsp. macranthus veks berre i Nord-Italia og tilgrensande område i Slovenia.
Skildring Julerose er ein eviggrøn plante med mørkegrøne, lêraktige pedate (fotdelte) blad som sit på 23–30 cm høge stilkar. Dei store flate blomane, som sit på korte stilkar frå midtvinter til tidleg om våren, er generelt kvite, men kan av og til ha rosa let.Rice, Graham & Strangman, Elizabeth, The Gardener's Guide to Growing Hellebores, David & Charles/Timber Press (1993) Spissane til kronblada kan ha vera rosa eller grønfarga, og midten av dei har gule utspring.
Utbreiing Det naturlege utbreiingsområdet til julerose er Sør- og Sentral-Europa, frå austre delar av Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sørlege kalksteinsalpane, vest til Vorarlberg. Arten er også vanleg i Apenninane og nordlege delar av Dei dinariske Alpane i Slovenia og Kroatia. Han er blitt observert opp til ei høgd på 1900 meter.Xaver Finkenzeller: Alpenblumen. Munich 2003, ISBN 3-576-11482-3. I Berchtesgaden-Alpane veks han opp til ei høgd på 1560 meter. I det opphavlege området veks julerosa i kalkrik, porøs og godt drenert jord. Ein finne henne ofte i gran-, bjørke-, eike- og bøkeskog.
Gift Alle delane av julerosa er giftige, og kan verka gjennom inntak eller kontakt med plantesafta frå skadd plantevev. Dette er fordi organa til planten inneheld ulike nivå av ulike typar glykosid, ein vanleg vernemekanisme for plantar mot planteetarar og mikroorganismar.
Toksin over bakken
Blad, stilk og blomar frå julerose inneheld ranunculinSmolinske, Susan C., Toxicity of Houseplants, s. 38, 153, Google Book Search, vitja 12. januar 2009 og ranuncosid - glykosid som dannar toksinet protoanemonin når dei blir brotne ned i samband med at planteceller blir skadde.Olson, Kent R., Poisoning & Drug Overdose, s. 312, Google Book Search, vitja 12. januar 2009 Protoanemonin har vond smak og kan gje irritasjon av hud, slimhinner og auge ved kontakt. Om ein et store mengder kan toksinet føra til kløe og blemmer i munnen og svelget og til gastroenteritt (betennelse i fordøyingskanalen) og hematemese (blodig oppkast) i både menneske og dyr.
Underjordiske toksin Eit viktig stoff i røtene til julerose er hellebrin, eit bufadienolid som har liknande effekt på hjartet som hjarteglykosid som opptrer i Digitalis og Strophanthus-plantar, men er mindre giftige. Hellebrin blir brote ned til samband som også aukar hjartesamantrekkingar, men er meir giftige enn opphavsmolekylet. Aglykonet hellebrigenin har den lågaste dødelege dosen og sterkare hjarteaktivitet enn hellebrin. Sjølv om det er sjeldan kan hellebrin og avleidde stoff stå bak alvorlege eller dødelege tilfelle av juleroseforgifting ettersom dei påverkar ionekanalane til hjartet og kan føra til ulike hjarterytmeforstyrringar.
Julerose i kulturen mini|Heleborus niger, av Helga von Cramm, kromolitograf med ei bøn av Y.E.T. frå kring 1880.
Dyrking Ein dyrkar julerose som prydplante, og det finst ei rekkje hybridar mellom julerose og nære slektningar. I England kjenner ein til at ho blei dyrka på 1600-talet gjennom John Gerard sitt verk Herball frå 1633.
Julerose liker seg i kalkrik, næringsrik og veldrenert jord. Ho veks òg i vanleg hagejord. Ho trivst best i halvskugge. Planten er herdig til H5 om han har lett vinterdekke.
Medisinsk bruk Bruken av julerose som lækjemiddel går tilbake til oldtida, og det blei mellom anna tilrådd av Hippokrates. Ein har nytta både jordstengel og blad, mellom anna til avførings- og brekkmiddel, mot podagra og epilepsi,Plinius den eldre, Naturalis Historia, XXII.64, XXV.21 som bot mot sinnslidingar, som hjartemedisin og til å framkalla abort.
Folketru og mytologi Julerose blir sagt å ha fått namnet sitt fordi ho voks fram for fyrste gong i snøen der tårene til ei ung jente hadde falle. Ho gret fordi ho ikkje hadde noko å gje i gåve til Jesusbarnet. I gresk mytologi brukte Melampos frå Pylos juleroser for å redde døtrene til kongen av Argos. Dionysos hadde gjort dei galne så dei sprang nakne gjennom byen og skreik og gret.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helleborus niger» frå , den 23. november 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Soleiefamilien Kategori:Utvalde artiklar 2025