Sisikar (Spinus) er ei biologisk slekt med 20 artar i finkefamilien (Fringillidae). Nesten alle har leveområdet sitt i Amerika. Namnet «sisik» kjem opphavleg frå vestslavisk og vart lånt inn i mellomnedertysk (sīsek) og derfrå til norsk. Spinus er frå gresk spinos og brukt av mellom anna Aristophanes om ein ukjent fugl.

Ein art utanfor slekta Spinus har òg namneleddet «-sisik» på norsk, dette er gråsisik (Acanthis).

Skildring

Sisikar er små til mellomstore finkar med som regel korte, kraftige og kjegleforma nebb. Kroppslengda varierer frå 9 til 14 centimeter, og kroppsvekta ligg mellom 10 og 20 gram. Den minste arten er småstillits S. psaltria, den største kan vere tjukknebbsisik S. crassirostris. Fjørdrakta er ofte påfallande fargerik, men syner stor variasjon innan slekta. Mange artar syner eit iaugefallande gult vengband i flukt. Typisk er hannfuglar dominert av klår gult til olivengrønt, svart og grått. Unntaka er raudsisiken S. cucullatus med klår lysraud fjørdrakt og utan gult, samt svartsisik S. atratus som berre har gult i bakkropp og nokre fjører i venger og hale, men er elles svart. Andre unnatak er dei meir diskrete grønsisik S. spinus og stripesisik S. pinus med gulgrøne tonar på oversida og gråleg stripete underside.

Alle artar har i varierande grad synleg kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, der hoene som regel er mindre iaugefallande enn hannar.

Songen hjå mange artar er ofte kvitrande, knitrande eller pipande.

Leveområde og næring Ein finn 18 sisikartar i Amerika, 15 av dei lever i den neotropiske regionen. Den einaste europeiske arten i Spinus er den vidt utbreidde grønsisiken som òg finst i Noreg. Den andre arten utanfor Amerika er tibetsisiken.

Mange artar i slekta lever i halvopen skog, men nokre utnyttar òg savannar, ope krattlandskap, plantar, hagar og parkar. Sisikar finst praktisk talt i alle høgder, paramosisik S. spinescens opp til 4100 meter over havnivå i Colombia.

Hovudføda for dei fleste artane er frø og knoppar, men annan planteføde blir òg nytta som næringskjelder. Mange artar tar tidvis i tillegg insekt.

Artsoversyn

Brasilsisik er ein sårbar art (VU), raudsisik er sterkt truga (EN, Verdas naturvernunion IUCN reknar dei andre artane i slekta å vere livskraftige (LC).

Medlemmer av Spinus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing Utbreiingskart120pxTibetsisikSpinus thibetanusBhutan, Kina, India, Myanmar og Nepal120pxGrønsisikSpinus spinusEurasia og Nord-Afrika80px120pxStripesisikSpinus pinusCanada, Alaska og – i meir varierande grad – over dei vestlege fjella og dei nordaustlege delane av USA80px120pxSvartkronesisikSpinus atricepsMexico og Guatemala80px120pxSvarthovudsisikSpinus notatusMexico, Belize, El Salvador, Guatemala, Honduras og Nicaragua80px120pxHispaniolasisikSpinus dominicensisHispaniola (Haiti og Den dominikanske republikken)80px120pxSmåstillitsSpinus psaltriaDei sørvestlege delane av USA (nær kysten, så langt nord som heilt sørvest i Washington) til Venezuela og Peru80px120pxGråstillitsSpinus lawrenceiCalifornia og Baja California, overvintrar i dei sørvestlege delane av USA og det nordlege Mexico80px120pxGulstillitsSpinus tristisFrå midtre Alberta til Nord-Carolina i hekketida, og frå like sør for grensa mellom Canada og USA til Mexico om vinteren80px120pxParamosisikSpinus spinescensColombia, Ecuador og Venezuela80px120pxBrasilsisikSpinus yarrelliiBrasil og Venezuela80px120pxGulbuksisikSpinus xanthogastrusCosta Rica sør til det sørlege Ecuador, det sentrale Bolivia og høglanda i det nordvestlege Venezuela80px120pxRaudsisikSpinus cucullatusNorte de Santander i Colombia, nordlege Venezuela og sørlege Guyana80px120pxTjukknebbsisikSpinus crassirostrisChile, Argentina, Bolivia og Peru80px120pxHettesisikSpinus magellanicusDet sentrale Argentina nord til det sentrale Brasil80px120pxSafransisikSpinus siemiradzkiiEcuador og Peru80px120pxOlivensisikSpinus olivaceusNordlege Peru til La Paz og Cochabamba i Bolivia og til det sør­austlege Ecuador80px120pxSvartsisikSpinus atratusChile, Argentina, Bolivia og Peru80px120pxBusksisikSpinus uropygialisChile, Argentina, Bolivia og Peru80px120pxSørsisikSpinus barbatusChile, Argentina og Falklandsøyane80px

Kjelder

Denne artikkelen byggjer dels på «Zeisige» frå , den 25. november 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Finkefamilien Kategori:Fugleslekter