Jorden rundt med Ho-Ho er ei dokumentarbok av forfattarane Birger Bryhn, Thorstein Schyberg og Thorolf Østmoen. Boka skildrar ei reise med seglbåten «Ho-Ho» jorda rundt frå 1933 til 1937. Dei tre forfattarane, alle tre frå Drammen, var mannskap på skuta og gjennomførte heile reisa saman.

Reisa I 1933 sigla dei tre nordmennene jorda rundt med ein 39 fot lang seglbåt, ei eldre losskøyte som dei tre hadde pussa opp. Seglbåten fekk namnet «Ho-Ho». Dei tre mennene var forretningsmann Birger Bryhn, arkitekt Thorstein Schyberg og hotelleigar Thorolf Østmoen. Alle tre var frå Drammen. Skuta gjekk frå kai i Oslo søndag 19. november 1933. Måndag 20. desember 1937 var «Ho-Ho» attende i Noreg, og la til kaia i Drammen. Seilasen er skildra i boka Jorden rundt med Ho-Ho. Denne boka kom ut første gong på Gyldendal Norsk Forlag i 1938 og har seinare blitt trykt opp i fleire opplag.

Kjelder

Jensen, Morten. (2017). Minneplakett for Norges første jordomseiling, seilmagasinet.no. Publisert 21.12.2017 kl.11:02. Sist oppdatert 23.12.2017 kl.21:46.

Kategori:Bøker frå 1938 Kategori:Norske bøker