«Bur man laimi» (norsk omsetjing: Bring meg lukke) er ein song av den latviske folk- og verdsmusikkgruppa Tautumeitas. Han er skriven av Asnate Rancāne, Aurēlija Rancāne, Elvis Lintiņš, Laura Līcīte og Gabriēla Zvaigznīte, med produksjon utført av Tautumeitas. Songen vart gjeven ut 4. desember 2024 og var det latviske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Det var den fyrste songen som var heilt på latvisk som representerte landet sidan 2004. Eurovision Song Contest 2025 Supernova 2025 Den 20. november 2024 vart det kunngjort at Tautumeitas var vald ut til å delta i Supernova 2025 – den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest – med songen «Bur man laimi». Songen enda på delt førsteplass i finalen saman med to andre bidrag, men vart kåra til vinnar etter å ha fått flest poeng i røystinga frå sjåarane, og vart dermed det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2025.

I Eurovision Song Contest Under trekninga av semifinalane den 28. januar 2025 vart Latvia trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den første halvdelen av showet. Latvia kvalifiserte seg til finalen – der dei kom på andreplass i semifinalen. I finalen enda «Bur man laimi» på 13. plass med 158 poeng.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Hellas (IFPI) 70 Latvia Airplay (LaIPA) 2 Latvia Domestic Airplay (LaIPA) 1 Latvia Streaming (LaIPA) 4 Latvia Domestic Streaming (LaIPA) 1 Litauen (AGATA) 12 UK Singles Sales (OCC) 34

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bur man laimi» frå , den 10. desember 2025.

Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Latviskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024