Eusebius av Cæsarea (gresk Εὐσέβιος, Eusébios; fødd ca. 260/265, død 30. mai 339), òg kjend som Eusebius Pamfili, var ein gresk historikar av kristendom, ekseget, og kristen polemikar. Han blei biskop av Cæsarea (Caesarea Maritima) ein gong rundt 314. Saman med Pamfilos av Cæsarea var han ein ekspert på den bibelske kanonen, og er sett på som ein særs lærd kristen i si tid.González, Justo (1984): «14 – Official Theology: Eusebius of Caesarea» i: The Story of Christianity, Prince Press, ISBN 978-1-56563-522-7, s. 129 Han skreiv Demonstrasjonar på evangeliet, Forberedingar for evangeliet, og Om uoverensstemmelser mellom evangeliane, som var studier av dei bibelske teksta. Som far til kyrkjehistoria, som han har vblitt kalla, skreiv han Ekklesiastisk historie, ein kronologisk skildring av utviklinga til den tidlege kristendommen, Om livet til Pamfilos, Krønika (Chronicon) og Om martyrane.
mini|Eusebius og Carpianus avbilda som helgenar.
Liv og virke
Tidlege år Dei fleste moderne forskarar har datert fødselen hans til eit tidspunkt på fem år mellom 260 og 265. I kyrkjehistoria si skreiv Eusebius om Dionysios av Alexandria som sin samtidige. Om dette er rett må Eusebius ha vore fødd før Dionysios døydde hausten 264;
Han blei truleg fødd i byen han budde i det meste av vaksenlivet sitt, Caesarea Maritima. Han blei døypt og fekk undervisinga si i byen, og budde i Palestina i 296 då hæren til keisar Diokletian passerte gjennom regionen (i Livet til Konstantin hugsar Eusebius at han såg Konstantin reisa saman med hæren).González, Justo (1984): «14 – Official Theology: Eusebius of Caesarea» i: The Story of Christianity, Prince Press, ISBN 978-1-56563-522-7, s. 129 Eusebius blei gjort til kyrkjeforstandar av biskop Agapius av Cæsarea.Wallace-Hadrill, D. S. (1960): Eusebius of Caesarea, s. 12, siterer Sokrates, Historia Ecclesiastica 1.8; Theodoret, Historia Ecclesiastica 1.11.
På 290-talet byrja Eusebius arbeidet på sitt magnum opus, hovudverk, Ekklesiastisk historie. Dette er ei historisk forteljing om kyrkja og det kristne samfunnet frå den apostoliske tida og fram til Eusebius si eiga tid. På omtrent same tidspunkt arbeidde han òg på si Krønike, ein universell kalender for hendingar frå den bibelske skapinga og fram til hans eiga tid. Han sette saman dei første utgåvene av kyrkjehistoria og universalhistoria før 300.
Etter at den lokale teologen Pamfilos leid martyrdauden i 310 flykta Eusebius til Tyr for å sleppa unna forfølginga av kristne som gjekk føre seg der. Han fortsette til Egypt, der han sat fengsla i nokre månader.
I 315 var han biskop av Cæsarea; utnemninga må ha funne stad mellom 310 og 315. I striden om arianismen støtta han Arius, og blei fordømd og fjerna frå embetet av konsilet i Antiokia, eit lokalt kyrkjekonsil halde i 324/325. Kort tid etter, ved konsilet i Nikea i 325, blei han gjeninnsett av keisar Konstantin etter å ha framsagt ei truvedkjenning. Han hevda sjølv seinare at denne truvedkjenninga danna grunnlaget for den nikeniske truvekjenninga, men det er svært tvilsamt om dette stemmer. Eusebius godtok den nikenske truvedkjenninga, men berre halvhjarta. Han heldt òg fram å vera ein motstandar av Athanasius av Alexandria, den argaste motstandaren av arianismen.
Rundt 327 blei han tilboden bispesetet i Antiokia, men tok ikkje imot. Han var med på konsilet i Tyr, eit lokalt kyrkjekonsil, i 335, og var også med på vigslinga av Gravkyrkja i Jerusalem. Etter dette blei han kalla til Konstantinopel for å gje keisar Konstantin råd om kva som skulle gjerast med Athanasius av Alexandria. Keisaren sympatiserte med arianismen, sjølv om han sjølv hadde vore sentral i kamp mot retninga ved konsilet i Nikea. Derfor, og fordi han generelt mislikte uro i riket, ønskte han å sørgja for at Athanasius skulle slutta med den aggressive haldninga si mot arianarane. Eusebius, som sjølv hadde arianske sympatiar, var derfor den perfekte rådgivaren. Ved feiringa av 30-årsjubileet for tronovertakinga til Konstantin heldt han ein tale, som er bevart.
Eusebius er ikkje rekna som ein helgen, noko som truleg kjem av dei arianske sympatiane hans.
Skrifter Det viktigaste verket etter Eusebius er Ekklesiastisk historie, det fyrste verket som blei skrive om kyrkjehistorie. Dette er den viktigaste kjelda til den tidlegaste kyrkjehistoria, fram til Eusebius si eiga tid. Litterært sett er det ikkje noko stort verk, og bruken av kjelder held, som ein kan venta av forfattarar i den gamle tida, ikkje mål etter dagens akademiske standard. Verket består av 10 bøker (bokrullar), og tek nesten utelukkande for seg austleg kyrkjehistorie. Naturleg nok er det om si eiga tid han hadde mest å skriva, så dei tre siste bøkene tek for seg hans eigen levealder. Mange forskarar meiner at han opphavleg skreiv 7 bøker, som blei avslutta med året 303, og at dei tre siste blei gjevne ut ei etter ei fram til den siste kom ut kring 325. I tillegg til den greske originalutgåva er det bevard tidlege omsetjingar til latin, syrisk og armensk.
Blant andre historiske skriftar finn ein palestinske martyrer; ei forteljing om den diokletianske forfølginga (303-311), som han sjølv hadde måttet flykta frå; ei krønike i 2 bøker som dekka verdshistoria slik han kjende henne, og Livet til Konstantin. Sistnemnde er eit panegyrisk verk, men i smigeren finst det ei rekkje detaljer rundt livet til keisaren som ikkje er kjende frå andre kjelder.
Han skreiv òg apologetisk litteratur, blant anna Mot Hierokles, eit angrep på den heidenske guvernøren i Bithynia; Førevuinga for evangeliet og Demonstrasjon av evangeliet.
Av teologiske verk som er att etter han kan nemnast Theofanien, to bøker som angrip teologien til Marcellus av Ankyra; ei samling av skriftstader i Det gamle testamente som forutseier komen til Kristus; kommentarer om Salmenes bok og Jesaja; ei bok om vanskelege passasjer i evangeliane; eit skrift om påske (bevart på latinsk som De solemnitate Paschali) og eit verk om bibelsk topografi (Onomastikon).
Kunnskap om livet til Eusebius Lite er kjent om Livet til Eusebius. Etterfølgjaren hans ved bispesetet i Cæsarea, Acacius, skreiv biografien hans, Livet til Eusebius, eit verk som sidan har gått tapt. Eusebius sine eigne bevarte verk representerer truleg berre ein liten del av alt han skreiv. Bortsett frå notisar i dei av tekstane hans som er att, er dei viktigaste kjeldene kyrkjehistorikarar frå 400-talet, Sokrates av Konstantinopel, Sozomenos og Theodoret av Kyros, og den kristne forfattaren Hieronymus. Det finst diverse merknadar om aktivitetane hans i skrifta til samtidige hans: Athanasius av Alexandria, Eusebios av Nikomedia, Alexander av Alexandria. Eusebius' elev, Eusebius frå Emesa som har gjeve ein del tilfeldig informasjon.Wallace-Hadrill, D. S. (1960): Eusebius of Caesarea, s. 11.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eusebius av Cæsarea» frå , den 12. desember 2025.
Litteratur
Barnes, Timothy D. (1981): Constantine and Eusebius. Cambridge, MA: Harvard University Press. ISBN 0-674-16530-6. Eusebius (1999): Life of Constantine. Overs. av Averil Cameron & Stuart G. Hall, Oxford: Clarendon Press. ISBN 0-19-814924-7. Drake, H. A. (2002): Constantine and the bishops the policy of intolerance. Baltimore: Johns Hopkins Press. ISBN 978-0-8018-7104-7. Kofsky, Aryeh (2000): Eusebius of Caesarea against paganism. Leiden: Brill. ISBN 90-04-11642-7. Lawlor, Hugh Jackson (1912): Eusebiana: essays on the Ecclesiastical history of Eusebius, bishop of Caesarea. Oxford: Clarendon Press. Levine, Lee I. (1975): Caesarea under Roman rule. Leiden: Brill. ISBN 90-04-04013-7. Louth, Andrew (2004): «Eusebius and the Birth of Church History» i: Young, Frances; Ayres, Lewis; Louth, Andrew: The Cambridge history of early Christian literature. Cambridge: Cambridge Univ. Press, ISBN 0-521-46083-2, s. 266–274. Momigliano, Arnaldo (1989): On pagans, Jews, and Christians. Middletown, CT: Wesleyan University Press. ISBN 0-8195-6218-1. Newman, John Henry (1890): The Arians of the Fourth Century, 7. utg., London: Longmans, Green and Co. Sabrina Inowlocki & Claudio Zamagni, red. (2011): Reconsidering Eusebius: Collected papers on literary, historical, and theological issues, Leiden, Brill, Vigiliae Christianae, Supplements, 107. Wallace-Hadrill, D. S. (1960): Eusebius of Caesarea. London: A. R. Mowbray.
Kategori:Arianske biskopar