Aulacorhynchus (engelsk fellesnemning toucanet) er ei biologisk slekt med åtte relativt små artar i tukanfamilien (Ramphastidae). Dette er fuglar med grøn fjørdrakt og store nebb som lever i den neotropiske regionen.
Aulacorhynchus tyder «fura (rynkete) nebb» (gammalgresk aulax: «fura», rhunkhos: «nebb»).
Skildring
Aulacorhynchus-tukanane når ei kroppslengd varierande mellom 30 og 45 centimeter avhengig av arten. Dei har hovudsakleg grøn fjørdrakt med blå teikningar på hovudet. Stjerten er lang og avrunda i enden, og dei fleste artane har brune stjertspissar på dei midtre stjertfjørene. Nebbet har ein langsgåande fold og er stort i høve til kroppsstorleiken. Strupen er kvit, grå eller blå. Undersida av stjerten og spissen av stjertfjørene skil seg hos nokre artar ut med raud farge. Det finst ingen tydeleg kjønnsdimorfisme, men hoene har merkbart mindre nebb; skilnaden i storleik samanlikna med hannane kan vere opp til tjue prosent. Dei einskilde artane skil seg hovudsakleg frå kvarandre gjennom farger på nebb og gjennom dei karakteristiske lydytringane sine.
Utbreiingsområdet spenner frå sørlege Mexico til Bolivia og dei fleste artane lever i fuktig skog eller tåkeskog rundt 2000 meter over havnivå langs åssider av Andesfjella.
Lætet frå Aulacorhynchus-tukanane er skildra som ei samansetting av tonar med varierande lengd og tempo, men ofte monotone og lange. Dei einskilde tonane kan vere bjeffande, knurrande eller gryntande. Hos nokre artar kan paret syngje samstundes - duettsong.
Artsoversyn
Medlemmer av Aulacorhynchus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Kroppslengd og utbreiing Status Utbreiingskart120px Smaragdtukan Aulacorhynchus prasinus 30-37 cmopptil 3000 moh. i Sentral-Amerika frå sørlegaste Mexico til Panama, inn i grensestrøk av Colombia(NE)80px120px Andestukan Aulacorhynchus albivitta 30-37 cmlangs austsida av Andes frå Venezuela til Bolivia. Ned til 200 m i Bolivia og opp til 3100 moh. i Venezuela(NE)80px120px Furenebbtukan Aulacorhynchus sulcatus 35–36 cmhøgtliggande område i nordlege Colombia og Venezuela, i Venezuela opptil 2000 moh.(NE)80px120px Bruntipptukan Aulacorhynchus derbianus 33–41 cmlever i subtropisk, fuktig tåkeskog, opptil 2000 moh. langs Andes frå sørlegaste Colombia til Bolivia(LC)80px120px Tepuitukan Aulacorhynchus whitelianus 33–41 cm;fjellområde (tepui-) i sørlege Venezuela og i fjellområde i Guyana og Surinam, til 2380 m ved tepuien Roraima(LC)80px120px Raudgumptukan Aulacorhynchus haematopygus 40–45 cmlåglands eviggrøn skog langs Andes i Colombia og Ecuador, opptil 2750 moh.(LC)80px120px Gulbryntukan Aulacorhynchus huallagae 38-44 cmlever i avgrensa område, 2000-2600 moh. i austskråninga av Andes i sentrale Peru(NT)80px120px Blåbandtukan Aulacorhynchus coeruleicinctis 40–44 cmfrå sentrale Peru til sentrale Bolivia, i fuktig skog og tåkeskog på austsida av Andes, vanlegvis rundt 2000 moh, men kan òg finnast over 3000 moh.(LC)80px
Kjelder
Denne artikkelen byggjer dels på «Grünarassaris» frå , den 16. desember 2025
Inngang til artsoversyn og artsskildringar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tukanfamilien Kategori:Fugleslekter