Jakob Conrad Christopher Parnemann () var ein norsk meklar og politikar fødd i Arendal.
Parnemann var son til ein tollbetjent stasjonert i Langesund. Sjølv var han i mange år kontorist hos ein kjøpmann i Stathelle. Frå 1851 var han meklar i Brevik. Han flytta verksemda til Porsgrunn i 1869.
I 1851 møtte Parnemann i Stortinget som representant for Brevik, medlem i Tollkomiteen. Ei tid var han ordførar i Brevik.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Folk frå Porsgrunn