«Serving» (norsk omsetjing ‘serverer’), opphavleg med tittelen «Kant» (norsk omsetjing ‘song’), er ein song av den maltesiske songaren . Songen blei skriven av Conte saman med Benjamin «BNJI» Schmid, Sarah Evelyn Fullerton (også kjend som Sarah Lake) og Matthew «Muxu» Mercieca, med produksjon av Schmid. Songen blei gjeven ut 8. januar 2025 og var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon «Serving» blei skriven og komponert av , Matthew «Muxu» Mercieca, Sarah Evelyn Fullerton og Benjamin «Bnji» Schmid, sistnemnde også som produsent.
Den opprhavlege tittelen «Kant», som tyder song på maltesisk, blir gjenteken i refrenga som eit ordspel med uttrykket , brukt i - og for å skildre ein dristig og sjølvsikker person. , ein programleiar på , uttala at kanalen «definitivt ikkje kan spele» songen. I eit intervju med sa Conte først at Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde godkjent songen som han var, og at teksten ikkje ville endrast – men at songen skulle omarbeidast.
Den 4. mars 2025 uttala den maltesiske kringkastaren (PBS) at EBU forbaud bruk av ordet «kant» på scena, og kravde endringar i teksten etter at den britiske kringkastaren BBC skulle ha klaga etter reglane til den nasjonale kringkastingsregulatoren . Den 13. mars blei tittelen på songen endra til «Serving» for konkurransen. I den nye versjonen av songen er ordet «kant» erstatta med lyden «aahh».
Eurovision Song Contest Malta Eurovision Song Contest 2025 Conte blei kunngjort som deltakar i Malta Eurovision Song Contest 2025 12. desember 2024. Ho blei trekt til å opptre som nummer fire i den andre semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen 6. februar. I finalen opptredde ho først og vant konkurransen med 182 poeng. Ho blei nummer to i juryavrøystinga og nummer ein i sjåaravrøystinga.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Malta trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. Malta kvalifiserte seg til finalen, der dei kom på niandeplass i semifinalen. I finalen enda songen på 17. plass med 91 poeng.
Listeplasseringar +Listeplasseringar for «Kant» Chart (2025) Peakposition Hellas International (IFPI) 86 Malta Airplay (Radiomonitor) 1 Malta Domestic Airplay (BMAT PRS) 1
+Listeplasseringar for «Serving» Liste (2025) Høgasteplassering Hellas International (IFPI) 56 Litauen (AGATA) 47 Malta Airplay (Radiomonitor) 2 Sverige (Sverigetopplistan) 90 UK Singles Sales (OCC) 39
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serving (Miriana Conte-sang)» frå , den 6. november 2025.
Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025