Vennesla kyrkje er ei kyrkje i Vennesla kommune i Agder fylke. Ho vart oppført i 2022 ved sida av Vennesla gamle kyrkje (oppført 1829). Den gamle kyrkja hadde for liten kapasitet og avgrensa med moglegheiter. Den gamle kyrkja skal mellom anna nyttast til mindre plasskrevjande seremoniar.
Om bygget Kyrkja vart innvigd i 2022 og har 600 sitjeplassar (tre gonger så stor kapasitet som Vennesla gamle kyrkje), og bygget har i alt m2. Bygget vart oppført på oppdrag frå Vennesla kyrkjelege fellesråd og kosta totalt 76 millionar kroner. Det er teikna av Link Arkitektur etter åpen konkurranse. Konstruksjonen består av stål og betong som nokre stader er eksponert. Veggane er dels kledde med eikepanel. Golva er for ein stor del dekka med terrasofliser. Oppvarminga skjer mellom anna med varmepumpe basert på brønnar bora i grunnen. Utvendig er kyrkja kledd med keramiske fliser laga spesielt for dette bygget. Kyrkjesalen har skråtak. Altartavla er laga av Tor Lindrupsen. Bygget har ein kjellar på 800 m² med scene; bygget har kjøkken, kyrkjekontor, barne- og ungdomssenter og eit stillerom med plankar frå eit kyrkjebygg frå 1500-talet. Barne- og familieminister Kjersti Toppe var til stades ved vigslinga.
Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.
Kjelder Gaute Brochman: Herren og hyggen. Morgenbladet, 26. august 2022, s.28.
Denne artikkelen bygger på «Vennesla kirke» frå , den 27. desember 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Vennesla Kategori:Kyrkjer i Otredal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2022