Helge J. Standal () er ein norsk forfattar, utgivar og kulturformidlar busett i Bondalen på Sæbø i Ørsta kommune. Han er særleg kjend som hovudforfattar og redaktør for turboka Fotturar på Sunnmøre, ei av dei mest selde lokale bøkene på Sunnmøre. Forlaget Iriss opplyser at boka har selt om lag 33 000 eksemplar før forlaget vart avvikla i 2021.
Liv og arbeid Standal har sidan slutten av 1990‑åra vore ein sentral formidlar av natur- og friluftskunnskap på Sunnmøre. Gjennom arbeidet med Fotturar på Sunnmøre utvikla han saman med Jon Hagen og naturfotograf Gunnar Wangen ei omfattande og systematisk oversikt over ruter, fjellgardar, setrar, geologi, kulturhistorie og naturmiljø.
Morsslekta kjem frå Ytre-Standal i Hjørundfjorden.
Standal var medgrunnleggjar av Iriss Forlag i Volda i 1989, eit forlag som produserte sine eigne bøker frå turarbeid og bilete til tekst, redaksjon, marknadsføring og distribusjon.
Forfattarskap Fotturar på Sunnmøre 1. utgåve (1999): 336 s., stiv perm, opplag 6000. Utseld på seks veker. 2. utgåve (2000): 352 s., stiv perm, opplag 7000. Utseld 2002. 3. utgåve (2003): 352 s., mjuk perm, opplag 8000. Utseld 2009. 4. utgåve (2010): 400 s., fleksibind, 265 ruter og 350 turtips. 90 % av bileta er nye.
Boka er utvikla i samarbeid med Jon Hagen og naturfotograf Gunnar Wangen.
Tyding Fotturar på Sunnmøre vert rekna som ei grunnbok i sunnmørsk friluftsliv og har vore mykje brukt i toppturkonkurransar, lokal kulturformidling og som referanseverk for turmiljøa.
Bibliografi Standal, Helge J.; Hagen, Jon; Wangen, Gunnar: Fotturar på Sunnmøre. Iriss Forlag, 1.–4. utgåve (1999–2010).
Sjå òg Sunnmørsalpane
Kjelder
Bakgrunnsstoff Gunnar Wangen – bokoversikt Biblioteksøk – Fotturar på Sunnmøre Søk i Nasjonalbiblioteket si database
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Friluftsliv i Noreg Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Sunnmøre