Inuit Ataqatigiit (dansk: Folkets Samfund, IA) er eit demokratisk sosialistisk og sjølvstendeframja politisk parti på Grønland. Partiet er representert i Folketinget (det danske parlamentet) ved . Múte Bourup Egede har vore partileiar sidan desember 2018. Historie Partiet vart skipa som ein politisk organisasjon i 1976, og vaks fram som følgje av den aukande ungdomsradikalismen i Danmark på 1970-talet.

I 1982 dreiv partiet ein vellukka kampanje i ei nasjonal folkerøysting for at Grønland skulle melde seg ut av Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC).

Inuit Ataqatigiit fekk eit stort valgjennombrot ved det grønlandske parlamentsvalet i 2009. Med framgang samanlikna med valet i 2005 dobla partiet talet på mandat i parlamentet frå sju til 14 av 31, berre to mandat frå fleirtal, og nesten dobla røystedelen frå 22,4 % til 43,7 %. Partiet fortrengde begge koalisjonspartnarane sine, og flytta frå første til andre plass og Demokraatit frå andre til tredje.

Ved valet i 2014 fekk partiet 11 representantar i det grønlandske parlamentet, men etter valet i 2018 gjekk representasjonen ned til åtte mandat.Valg.gl Etter valet i 2021 vart Inuit Ataqatigiit på nytt det største partiet i det grønlandske parlamentet, med 12 mandat, før det fall til tredjeplass med sju mandat i 2025.

Ideologi Partiet har tradisjonelt gått inn for ein sosialistisk økonomi, men parti til venstre for IA har kritisert det for gradvis å ha bevegd seg i meir kapitalistisk retning, mellom anna ved å støtte marknadsøkonomi og privatisering. Inuit Ataqatigiit meiner at eit sjølvstendig Grønland må vere konkurransedyktig, samstundes som ein arbeider for å halde miljøet reint.

Merknad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inuit Ataqatigiit» frå , den 13. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grønlandske politiske parti Kategori:Skipingar i 1978