Irene Schouten () er ein nederlandsk tidlegare skøyteløpar som i 2022 vann tre gullmedaljar under vinter-OL og deretter vart verdsmeister i firkamp.

Schouten vann i 2015 gullmedaljen på fellesstarten ved verdsmeisterskapen i enkeltdistansar. Tre år gjekk ho inn til bronsemedalje i same løpet ved dei olympiske leikane i Pyeongchang. I 2019 vann ho VM-gull i fellesstart, året etter tok ho EM-gull i same. Under VM enkeltdistansar 2021 i Heerenveen sanka ho to gullmedaljar og to bronsemedaljar. Gullmedaljane kom på 5 000-meteren og i lagtevlinga. Vinteren 2022 sopa ho fyrste med seg tre gullmedaljar i europameisterskapen på enkeltdistansar, dei kom på 3 000 m, fellesstart og i lagtevling. Sidan heldt ho fram med å vinne 3 000 m, 5 000 m og fellesstart under vinterleikane 2022 i Beijing. Nokre veker seinare vart ho verdsmeister i firkamp på Hamar. Etter i 2023 å ha sikra seg tre individuelle medaljar i verdsmeisterskapen enkeltdistansar; gull, sølv og bronse, la ho opp.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Irene Schouten» frå , den 25. januar 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022