Kurrawongar er tre artar av mellomstore sporvefuglar i slekta Strepera i svalestarefamilien Artamidae. Dei tre artane er sotkurrawong (Strepera versicolor), austkurrawong (S. graculina) og tasmankurrawong (S. fuliginosa), alle endemiske for Australia.
Det engelske namnet currawong kjem frå det lydhermande ropet til austkurrawongen i det austlege Australia. Trass i likskapen med kråker og ramnar er dei berre fjernt i slekt med kråkefamilien og høyrer i staden til i ei større afro-asiatisk gruppe av songfuglar.
Fellesnamnet kurrawong er avleidd av ropet til austkurrawongen. Det nøyaktige opphavet er uklart, men mest sannsynlege frå eit urfolksspråk. Det vitskaplege slektsnamnet Strepera er avleidd frå det latinske ordet strepera, som betyr «støyande».
Skildring
Kurrawongane har ei kroppslengd på rundt 48 centimeter. Dei er mørke grå eller svarte fuglar med stort nebb som liknar kråker og ramnar, men er slankare, har lengre halar, fjørkledde tarsar og små, kvite felt på venger og stjert. Flukta er bølgjande. Hoer av sotkurrawong er lysare i fjørdrakta enn hannar, elles er kjønna er nokså like, men hannfuglar er signifikant større enn hoer.
Kurrawongar er litt større enn plystreskjor, men mindre enn dei fleste ramnar. Kurrawongar kan òg kjennast på dei gule auga, i motsetnad til dei raude auga hos plystreskjorer og dei kvite auga hos australske ramnar. Dei har dessutan eit markert kroksnitt på spissen av det kraftige nebbet.
Åtferd
Kurrawongar er i stor grad bakkelevande, men kan òg beite på frukt og bær i trea. Dei er altetarar og leitar etter mat i lauvverket, på trestammar og greiner. Føda omfattar insekt og larver som ofte er gøymde under bork, frukt og ungar av andre fugleartar.
Artsoversyn
Talet på skilde artar har variert mellom to og sju, men i dag er tre aksepterte. Nokre underartar av sotkurrawong er særs distinkte, totalt er det lista opp 15 underatar innanfor denne gruppa.
Medlemmar av Strepera i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Strepera Austkurrawong, Strepera graculina, Pied currawong, (Shaw, G, 1790), (LC) Lengd 44–50 cm, svart, kråkeliknande med kvit gump, austlege Australia
Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa, Black currawong, (Gould, J, 1837), (LC) Lengd 50 cm, svart, kråkeliknande, Tasmania
Sotkurrawong, Strepera versicolor, Grey currawong, (Latham, J, 1801), (LC) Lengd 44–57 cm, stor ramneliknande fugl med brungrå til svart fjørdrakt i sørlege Australia
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Currawong» frå , den 28. januar 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svalestarefamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fugleslekter