Jacob Jorrit Bergsma () er ein nederlandsk skøyteløpar som under Vinter-OL 2014 vart olympisk meister på 10 000 meter.

Aktiv Bergsma prøvde å kvalifisere seg til Vinter-OL 2010 som representant for Kasakhstan. Under den nasjonale meisterskapen i russiske Tsjeljabinsk vann han 5000 meter på 6.28,2 og kvalifiserte seg til verdscupen. Men ISU nekta å la Bergsma starte for Kasakhstan.

Under Vinter-OL 2014 i Sotsji gjekk Bergsma i mål til bronsemedalje på 5 000-meter, slått av landsmennene Sven Kramer og Jan Blokhuijsen. Ti dagar seinare sikra han seg gullmedaljen på 10 000 m.  Med tida 12,44,4 og olympisk rekord slo han Sven Kramer med nær fem sekund.

I Vinter-OL 2018 i Pyeongchang gjekk Bergsma 10 000 meter på 12.41,9, eit tid som heldt til sølvmedalje og var drygt to sekund bakom Ted-Jan Bloemen si vinnartid. Bloemen representerte då Canada.

Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing enda Bergsma på femteplass på 5 000 m og fjerdeplass i milløpet.

Bergsma har vunne fem gullmedaljar i verdsmeisterskap på enkeltdistansar. Han sigra på 10 000 meter i 2013, 2015 og 2019. I 2017 var han del av det nederlandske mannskapet som vann lagtevlinga, og i 2020 triumferte han i fellesstarten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jorrit Bergsma» frå , den 31. januar 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten