Tofane er eit fjellmassiv i dei austlege Dolomittane nordaust i Italia som når opp til 3 244 m over havet. Massivet reiser seg opp vest for Cortina d'Ampezzo og består av tre nær jamhøge fjelltoppar: Tofana di Rozes som er den sørlegaste, Tofana do Mezzo i midten og Tofana di Dentro.
Paul Grohmann og Francesco Lacedelli kleiv i 1863 til topps på den høgaste toppen i massivet, Tofana di Mezzo.
Sommaren 1915 kriga italienske og austerrikske-ungarske styrkar mot kvarandre på Tofane under den såkalla fyrste dolomittoffensiven.
Dei fleste øvingane i Alpine greiner under Vinter-OL 1956 fann stad på austskråninga av Tofane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tofane» frå , den 6. februar 2026.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia