Mo Tae-bum () er ein sørkoreansk tidlegare skeiserennar frå Seoul. Han vart olympisk meister på 500 meter i 2010.
Aktiv Mo overraska ved å vinne gullmedaljen på 500 meter under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Han låg med tida 34,92 sekund på andreplass etter det første løpet. I det andre løpet fekk han notert 34,90 og sikra seg med det fyrsteplassen totalt med ein margin på 0,16 sekund til japanske Keiichiro Nagashima. To dagar etter kom Mo i mål til sølvmedalje på 1000 meter på tida 1.09,12, slått av Shani Davis med 0,18 sekund. Deretter vart han nummer fem på den olympiske 1500-meteren.
Året etter vart Mo andremann i Skeise-VM 2011 i sprintfirkamp i Heerenveen, 0,110 poeng bak landsmannen Lee Kyu-hyuk. Eitt år seinare enda Mo på tredjeplassen ved sprint-verdsmeisterskapen i Calgary. Sist i 2012-sesongen vann han 500 meter i VM enkeltdistansar. I 2013 forsvarte han i Sotsji VM-tittelen på 500 m og tok sølv på 1000 m.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mo Tae-bum» frå , den 16. februar 2026.
Kategori:Sørkoreanske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sør-Korea Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Korea Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018