Kathrine Rolsted Harsem () er ein norsk tidlegare langrennar frå Bærum i Akershus som representerte IL Varden Meråker. Ho vart noregsmeister på 5 km i 2015 og på 15 km i 2022.

Aktiv Åra 2013, 2017 og 2018 vart Harsem noregsmeister i 3 x 5 km stafett med IL Varden. Seint i 2015-sesongen overraska ho ved å vinne 5-kilometeren i noregsmeisterskapen. Åra frå 2014 til 2022 sanka ho 5 individuelle NM-sølv og 4 individuelle NM-bronsar. Ved Ski-NM 2022 på Gran på Hadeland, slo ho Ragnhild Haga i spurten på 15 km skibyte og sikra seg sitt andre individuelle NM-gull.

Harsem var ikkje god nok til å få representere Noreg i eigenleg langrenn i dei store meisterskapane. Ho fekk derimot prøve seg i sprint-øvinga både i Ski-VM 2017 i Lahti og i Pyeongchang-OL 2018, der ho vart høvesvis nummer 13 og 18. Den 20. januar 2018 i Planica gjekk ho i mål til andreplass i eit sprintrenn i verdscupen i langrenn, hennar einaste pallplass i verdscupen. I sin beste sesong, 2017-sesongen, enda ho som nummer 13 i verdscupen.

Harsem la opp i 2022.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kathrine Harsem» frå , den 17. februar 2026.

Kategori:Norske langrennsløparar