mini|Rebellion House i High Callerton nær Ponteland, eit enkelt bastelhus langt sør for grensa. mini|Woodhouses Bastle Bastel, bastle eller bastel/bastle houseOxford English Dictionary Second Edition on CD-ROM (v. 4.0) © Oxford University Press 2009. Bastel-house. "A fortified farmhouse of a type chiefly found in northern England close to the Scottish border, typically built in the 16th or early 17th cent. as a defence against raiders, and having a vaulted ground floor used for storage and livestock, the main living area being on the upper floor and reached by means of an external staircase or ladder." er ein type hus som finst i grenseområdet mellom England og Skotland, på stader som tidlegare blei herja av border reivers, eller bandittar frå begge sider av grensa. Dei er befesta våningshus som er kjenneteikna av forholdsreglar mot grenseraid.
Kjenneteikn Klassiske bastelhus er kjenneteikna av særs tjukke steinveggar (omtrent ein meter tjukke), bakkeetasjen med stallplass for den mest verdifulle buskapen, og eit steinkvelv eller flatt tretak mellom dette og overetasjen med indre tilgang via ein stige eller ei trapp.Brunskill, R. W.. Houses and cottages of Britain: origins and development of traditional buildings. Great Britain: Victor Gollancz in association with Peter Crawley, 1997. 28-29. Print. Familien budde i overetasjen, og i tida då grenseraida føregjekk kunne ein berre nå denne via ein stige som ein drog opp frå overetasjen om natta. Vindauga var små eller til og med berre skyteskår.
Bastelhus har mange karaktertrekk til felles med militære blokkhus, men den største skilnaden er at ein bastel hovudsakleg var meint som ein familiebustad, og ikkje berre var ein festning.
Mange bastelhus finst framleis. Den solide byggemåten sørga for at dei kunne stå lenge, men dei fleste er anten i ruinar eller er blitt mykje endra for å kunna brukast som bustader eller gardsbygningar. Dei finst på begge sider av den anglo-skotske grensa. Nokre godt bevarte døme er Thropton Pele, Black Middens Bastle og Hole Bastle i Bellingham og Woodhouses Bastle i Hepple.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bastle house» frå , den 18. februar 2026.
Bibliografi
Herman Gabriel Ramm, R. W. McDowall, Eric Mercer (1970) 'Shielings and Bastles. HMSO: London.
Kategori:Bustader Kategori:Buformer i England