Småsalamander eller liten salamander (Lissotriton vulgaris, tidlegare Triturus vulgaris) er eit amfibium som finst i Noreg frå rundt Oslofjorden og langs kysten til Stavanger. I tillegg finst han i Trøndelag og på Helgeland nord til Vefsn.
Småsalamander kan bli 7–11 cm lang. Dyret er brunt, grått eller svart. Det har mørk strek gjennom auget og raudoransje buk med mørke flekkar.
Salamanderen lever i og ved dammar og tjørn. Liten salamander er ikkje like sterkt knytt til vatn som storsalamander.
Raudlistevurdering Det finst mange livskraftige bestandar av småsalamander på Austlandet, Sørlandet og i Midt-Noreg, truleg meir enn 3500. Bestandane går tilbake blant anna som følgje av igjenfylling og drenering av yngledammane, forureining, fiskeutsetjing og endra arealbruk nær ynglelokalitetane. Spesielt i RogalandOddane pers. med. og delar av VikenGregersen pers. med. er det mange bestandar som har gått tapt, vidare blir nye bestandar trua av nye utbyggingar. Med bakgrunn i gjennomgang av Norge i Bilder er anslått tap av ynglelokalitetar litt mindre enn for storsalamanderen som ligg på ca. 0,5–0,7% per år (2016).Dervo, B.K., Pedersen, C. og Bærum, K.M. (2016). Tap av ynglelokaliteter for storsalamander i Norge. NINA Rapport 1014: 21 s.
Småsalamanderen greier seg lengre i dammar som får redusert storleik på grunn av igjengroing, drenering eller delvis utfylling, enn storsalamanderen. Som følgje av kortare generasjonslengde og fleire bestandar enn storsalamander, blir bestandane vurderte av småsalamanderen derfor å vera livskraftige (LC).
Bestandane er likevel i tilbakegang og bør følgjast nøye.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Norsk zoologisk forening om småsalamander
Kategori:Salamandrar Kategori:Dyr i Noreg