Kristīne Opolais () er ein latvisk opera-sopran. Ho har sunge på dei mest kjende scenene internasjonalt, og har vore kjend som ein av dei mest etterspurde Puccini-tolkarane i operaverda.

Bakgrunn og privatliv Opolais vart fødd i den latviske byen Rēzekne. Ho vart utdanna ved Det latviske musikkakademiet, der ho studerte under og . Etter tilråding frå kollegaen Elīna Garanča studerte ho seinare også med i Amsterdam. Dette vart eit vendepunkt i karrieren, då Honig hjelpte henne med å gjere endringar som gjorde henne til ein mindre anstrengt og meir naturleg songar. I 2007 studerte ho med , professor i song ved Noregs musikkhøgskole.

Opolais var gift med dirigenten frå 2011 til 2018.

Karriere Opolais vart medlem av koret ved den latviske nasjonaloperaen i 2001, og debuterte som solist i 2003 i rolla som Musetta i La bohème. Det var der ho møtte den framtidige ektemannen sin, dirigenten Andris Nelsons. Ho var finalist i den internasjonale konkurransen for operasongarar, Feruccio Tagliavini, i Austerrike i 2003. Ho deltok jamleg i operaprosjekt, konsertar og festivalar i heimlandet, og turnerte internasjonalt med den latviske nasjonaloperaen.

I 2006 debuterte Opolais ved Staatsoper Berlin, etterfølgd av La Scala i Milano og Wiener Staatsoper i 2008, og i oktober 2010 ved Bayerische Staatsoper i tittelrolla i Dvořáks Rusalka i ein ny produksjon regissert av Martin Kušej. I 2011 debuterte ho ved Londons Royal Opera, der ho song tittelrolla i Puccinis Madama Butterfly, dirigert av Nelsons. I 2013 debuterte ho på BBC Promenade Concerts i Royal Albert Hall i London, der ho song ariar av Verdi og Tsjajkovskij med Birmingham symfoniorkester.https://www.independent.co.uk/arts-entertainment/art/features/opera-s-double-act-kristine-opolais-and-andris-nelsons-8764262.html

I 2014 song Opolais på premieren til to Puccini-operaer ved Metropolitan Opera i New York, to dagar på rad. Ho hadde tittelrolla i Madama Butterfly, som hadde premiere om kvelden. Dagen etter, med berre fem og ein halv times varsel, steppa ho inn for , som var for sjuk til å opptre, i rolla som Mimì i matinéen av La bohème. Matinéen vart kringkasta internasjonalt som ein del av TV-serien Metropolitan Opera Live in HD. Opolais framførte rolla igjen i Metropolitan Opera si sesongoppsetjing i 2014/15. For Madama Butterfly fekk ho gode meldingar. New York Observer merkte seg hennar «svevande stemme og gjennomtrengande teatralske nærvær», og at «ho er den mest fengslande Met Cio-Cio-San sidan sist song rolla her for nesten 20 år sidan». Opolais medverka på Jonas Kaufmann sitt album Nessun Dorma – The Puccini Album, som vart nominert til Grammy Award i kategorien «beste klassiske solovokalalbum» i 2016.https://www.baltictimes.com/grammy_award_nominations__a_family_affair_for_latvian_musicians/

I tillegg til Jonas Kaufmann har Opolais sunge med mellom andre Anna Netrebko, , , , , , Plácido Domingo,https://astanatimes.com/2025/07/dimash-qudaibergen-performs-with-placido-domingo-in-vietnams-ho-guom-opera-house-celebration/ Dimasj Qudajbergen, , , , , , og .

Prisar og utmerkingar Opolais har motteke ei rekkje prisar i heimlandet, mellom anna songerens Paul Sakss-pris (2004), Latvias årlege teaterpris (2005), beste operakunstnar (2005), Latvias kulturfondpris «Spidolas balva» (2005) og Latvias store musikkpris (2005).

I 2016 vart ho utnemnd til kommandør av Trestjerneordenen, for sine store fortenester til beste for staten Latvia, strålande kunstnarlege prestasjonar og framifrå innsats innan operakunsten i Latvia og i verda.

For sine framifrå prestasjonar og langvarige internasjonale representasjon av operaverda fekk ho ein æresdoktorgrad frå Kypros musikkakademi i 2021, og vart den første kunstnaren som vart utnemnd til æresmedlem av Athens filharmoniske orkester.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristine Opolais» frå , den 5. mars 2026.

Kategori:Latviske operasongarar