Brittany Starr Bowe () er ein USA-amerikansk skeiseløpar som vart verdsmeister i sprint-firkamp i 2015 og 2016. Før ho tok til med lengdeløp, deltok ho i tevlingar på rulleskeiser og i kortbaneløp på skeiser.
Karriere Lengdeløpar Bowe kom i 2013 på tredjeplass på 1000 med ved VM enkeltdistansar. 17. november 2013 gjekk ho i Salt Lake City 1000-meteren på 1.12,58, og sletta dermed verdsrekorden på distansen. Ho lukkast ikkje i Vinter-OL 2014 i Sotsji, der åttandeplassen på 1000-meteren vart hennar beste plassering. Vinteren 2015 sanka ho to gullmedaljar og ein sølvmedalje under VM enkeltdistansar i Heerenveen. Seinare i same sesongen var ho i ei eiga klasse ved Skeise-VM 2015 i sprint-firkamp i Astana. I november 2015 sette ho i Salt Lake City verdsrekord på 1500 meter med tida 1.51,59, ein rekord landskvinna Heather Bergsma sletta seks dagar seinare. Dagen etter ho mista denne rekorden, forbetra Bowe verdsrekorden på 1000 m til 1.12,18 i Calgary.
Bowe forsvarte meistertittelen sin då Skeise-VM 2016 i sprint-firkamp vart avvikla i Seoul. To år seinare måtte ho nøye seg med sølvmedalje i sprint-verdsmeisterskapen i Changchun, der nederlandske Jorien ter Mors var suverent best alle. Under Vinter-OL 2018 vart Bowe nummer 4 på 1000 m og nummer 5 både på 500 m og 1500 m. Frå leikane fekk ho likevel med seg ein medalje, då det vart bronse på USA i lagtempo. I februar 2019 vann ho gull på 1000 m og bronse på 1500 m under VM enkeltdistansar i Inzell, før ho så tok bronsemedaljen i Skeise-VM 2019 i sprint-firkamp i Heerenveen. 9. mars 2019 sette Bowe verdsrekord på 1000 meter då ho i Salt Lake City vart klokka i mål på 1.11,61, ein rekord som gjeld i 2026.
Vinteren 2021 var Bowe tilbake i Heerenveen og vart nummer 1 på 1000 og nummer 2 på 1500 m i VM enkeltdistansar. Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing vann Bowe bronsemedaljen på 1000 m. Fram til og med 2023 tok 13 medaljar (4-4-5) i verdsmeisterskap enkeltdistansar, 4 pallplasseringar i verdsmeisterskap i sprint-firkamp og 2 bronsemedaljar i olympiske vinterleikar. Ho avslutta tida som aktiv lengdeløpar under Vinter-OL 2026 i Milano, der ho måtte nøye seg med fjerdeplassar på 1000 meter, i lagtempo og på 1500 m.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brittany Bowe» frå , den 9. mars 2026.
Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten