Stefan Groothuis () er ein nederlandsk tidlegare skøyteløpar som i 2012 vart verdsmeister i sprint-firkamp og i 2014 olympisk meister på 1000 meter.

Groothuis representerte åra 2006-14 Nederland i olympiske leikar og i ymse verdsmeisterskap på sprintdistansar. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vart han fjerdemann på 1000 meter. Nett det same vart han Skeise-VM 2011 i sprint-firkamp. I VM enkeltdistansar i Inzell vart han nummer 3 på 1000 m.

2012-sesongen var Groothuis i sitt livs form. I januar sigra han i sprint-VM i Calgary framom dei sterke sørkoreanarane Lee Kyu-hyuk og Mo Tae-bum. To månader seinare vann han 1000-meteren i VM enkeltdistansar i Heerenveen. Han fekk også fyrstepremien for 1000 meter i verdscupen.

Under Vinter-OL 2014 i Sotsji kneip Groothuis gullmedaljen på 1000 m, fire hundredels sekund framom andremann.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stefan Groothuis» frå , den 12. mars 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014