Paul Johan Hansson Takle () var ein fiskar, gardbrukar, landhandlar og politikar frå Solund i Sogn. Han representerte Sogn og Fjordane og partiet Høgre i stortinget perioden 1931-33.

Takle dreiv fleire tiår fiske, gardsbruk og ein liten landhandel på Harbakke i Solund. Frå 1919 var han kasserar i den lokale sparebanken. I 30 år var medlem i heradsstyret, ordførar 6 av dei. Han var elles med i forliksrådet i 28 år, lengste tida som formann. I 1927 møtte han ei tid i stortinget som varamann. Valbolken 1931-33 hadde han fast sete i stortinget, medlem i Post-, telegraf- og kystfartkomiteen.

Kjelder Vilhelm Haffner: Stortinget: 1931-33.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Solund Kategori:Høgreordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Solund