Frank Willy Olafsen () er ein norsk tidlegare bandy-, fotball- og ishockeyspelar frå Oslo. Han var heile tida aktiv i Idrettsklubben Skeid.

Olafsen spelte på Skeid sitt fotballag frå 1961 til 1974. Han var med å vinne den norske cupfinalen i 1963, 1965 og 1974. 1966-sesongen gjekk laget heilt til topps i 1. divisjon og vart norsk seriemeister. Meste tida var han midtstoppar. I tida 5. november 1967 til 2. august 1973 deltok i 18 av Noregs landskampar i fotball.

Som ishockeyspelar spelte han 11 offisielle landskampar i 1963-64 og var med i mannskapet som representerte Noreg under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Olafsen var med i landslaget som deltok i Bandy-VM 1973 i Moskva. Han spelte 12 landskamper i bandy. Olafsen spelte på Skeid sitt bandy-lag til 1985.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frank Olafsen» frå , den 21. mars 2026.

Kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske bandyspelarar Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball