Kjetil Flatnev var ein norsk herse på 800-talet som herska over Sudrøyane (Hebridane). Gjennom søner og døtrer som drog til Island blei han stamfar til store slekter der.

Far hans var Bjørn Buna, son til hersen or Sogn, Vêra-Grim, og Landnåmaboka nemner at nesten alle stormennene på Island kom frå Bjørn. Kona til Bjørn heitte Velaug og dei fekk to søner attmed Kjetil: Rapp og Helge.

Kona til Kjetil var Yngvild Kjetilsdotter, dotter til Kjetil Vêr, ein herse på Romerike, og dei fekk sønene Bjørn den austrøne og Helge Bjola, og døtrene Aud den djuptenkte, Torunn Hyrna og i tillegg dottera Jorunn Mannvitsbrekka. Harald Hårfagre sende Kjetil med ein hær for å vinna att Sudrøyane frå skottane og irane, som hadde fått attende vald over øyane då Harald fór heim til Noreg etter ei frøkleg hærferd. Kjetil sette son sin Bjørn til å råda riket sitt i Noreg og fór sidan og la under seg alle Sudrøyane. Han gjorde seg til hovding over øyane, men gav ingen skatt til kong Harald. Kongen vart vreid, tok under seg eignene Kjetil hadde i Noreg og dreiv son hans Bjørn ut på lovbrot.

Bjørn fór då til Sudrøyane og sidan til Island, tok land på Snøfjellsnes og budde i Bjørnshamn. Han var det einaste barnet til Kjetil som ikkje kristna seg. Helge Bjola tok land på Kjølnes og budde på Hov. Torunn Hyrna gifte seg med Helge den magre, ein landnåmsmann i Øyafjorden, og Aud flytte til Island etter at son hennar Torstein fall og far hennar andast, og tok land i Kvamsfjorden. Son til Jorunn, Kjetil Fivlske, fór òg til Island, tok land på Sida og budde i Kyrkjebø.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Ketill flatnefur» frå , den 22. mars 2026.

Kategori:Islandsk historie