Silveria Elfrieda Jacobs () er ein politikar frå Sint Maarten og tidlegare statsminister i Sint Maarten frå 2019 til 2024. Tidleg liv og utdanning Silveria Elfrieda Jacobs vart fødd 31. juli 1968 på Aruba av mora Nadia Willemsberg. Som barn gjekk Jacobs på Leonald Conner School og Milton Peters College på Sint Maarten. Etter å ha teke HAVO-eksamen i 1986, byrja Jacobs å studere ved University of the Virgin Islands, der ho tok ein bachelorgrad i pedagogikk. Mellom 1992 og 2011 arbeidde Jacobs ved Leonard Conner Primary School i Philipsburg, først som lærar og seinare som elevkoordinator.
Karriere I 2010 vart Jacobs medlem av partiet National Alliance (NA). Mellom 2012 og 2013 var ho minister for utdanning, ungdom, idrett og kultur i den andre Wescot-Williams-regjeringa. Ho hadde òg dette vervet frå 2015 til 2018 i den første og den andre Marlin-regjeringa.
I 2014 vart Jacobs vald inn i parlamentet. Den 3. januar 2018 tok ho over etter som partileiar for NA, som den første kvinna i denne rolla. I dei tre føregåande vala vart Jacobs den nest største røystesankaren totalt, berre slått av Theodore Heyliger. Etter fallet til den andre Marlin–Romeo-regjeringa vart det inngått ei koalisjonsavtale mellom National Alliance, United St. Maarten Party og dei uavhengige parlamentsmedlemmene Luc Mercelina og Chanel Brownbill. Den 30. september 2019 vart Jacobs utnemnd av guvernør Eugene Holiday til å danne ei mellombels regjering som mellom anna skulle prioritere ferdigstilling av lovverk mot kvitvasking av pengar, samt førebuing av parlamentsval og valreformer. Den første Jacobs-regjeringa vart teken i eid 19. november 2019.
Jacobs leia handteringa av koronapandemien i 2020 på Sint Maarten. Den 11. mars 2020 gav ho ordre om å forlenge reiserestriksjonane. Den andre Jacobs-regjeringa vart teken i eid 28. mars 2020.
Den andre Jacobs-regjeringa bestod av utdannings-, kultur-, ungdoms- og idrettsminister Rodolphe Samuel; finansminister Ardwell Irion; justisminister Anna Richardson; arbeids- og helseminister (VSA) Omar Ottley; minister for bustad, arealplanlegging og utvikling (VROMI) Egbert Jurendy Doran; minister for turisme, økonomiske saker, trafikk og telekommunikasjon (TEATT) Arthur Leo Lambriex; og fullmektig minister Renee Violenus. Vervet som TEATT-minister vart først halde av Richard Pannefleck, som seinare vart etterfølgd av parlamentsmedlem Ludmila de Weever. Etter at de Weever vende tilbake til parlamentet, vart Roger Lawrence utnemnd til TEATT-minister. Etter at Lawrence gjekk av, tok Arthur Leo Lambriex over og sat i vervet resten av perioden til den andre Jacobs-regjeringa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Silveria Jacobs» frå , den 27. januar 2026.
Kategori:Politikarar frå Sint Maarten