Bronsevipe (Vanellus chilensis) er ein vadefugl i ordenen vade-, måse- og alkefuglar (Charadriiformes). Arten blir i Brasil vanlegvis kalla quero-quero, i Argentina og Uruguay tero, i Paraguay tero-tero, og i Chile queltehue. Han er utbreidd i store delar av Sør-Amerika, og finst dessutan i Mellom-Amerika nord til Honduras.

Skildring

Bronsevipa er den einaste vadefuglen i Sør-Amerika med fjørtopp (kam). Ho er 33–38 cm lang og veg om lag 300 gram. Oversida er hovudsakleg brungrå, med ein bronseglans på skuldrene. Hovudet er særleg påfallande: det er hovudsakleg grått, med svart panne og eit svart strupefelt som held fram ned på det svarte brystet. Ei kvit rand skil det svarte i andletet frå det grå på hovudet og kammen. Resten av undersida er kvit, medan augeringen, beina og det meste av nebbet er rosa. Arten har kvasse, raude beinutvekstar, sporar, fram frå vengeknoken som blir brukte til å skremme fiendar og til å slåst mot rovfuglar.

Under den langsame, flaksande flukta viser bronsevipa eit breitt kvitt vengeband som skil den gråbrune ryggen og vengedekkfjørene frå dei svarte svingfjørene. Overgumpen er kvit og halen svart. Ropet er eit svært høgt og skarpt «keek-keek-keek», kalla tero-tero-tero-tero-rop.

Dei nordlege underartane V. c. cayennensis og V. c. lampronotus har brunare hovud – særleg dei nordlegaste fuglane – og det kvite andletsbandet (breitt hos den nordlege og smalare hos den sørlege) når ikkje fram til midten av issen. Dei to sørlege underartane har lengere venger og kortare bein enn dei nordlege.

Utbreiing Han er ein vanleg og vidt utbreidd standfugl i store delar av Sør-Amerika og sørlege Mellom-Amerika, bortsett frå tettast skogkledde område, dei høgaste delane av Andesfjella og den tørre kystsona langs store delar av vestlege Sør-Amerika.

Arten er særleg vanleg i nedbørsfeltet til Río de la Plata i Argentina. I dei seinare åra har han òg spreidd seg nordover gjennom delar av Mellom-Amerika. Han spreier seg også vestover i Amazonasbassenget inn i austlege Ecuador og Peru. Han spreier seg nordover på Dei små Antillane og hekka på Barbados i 2007. Bronsevipa kan også streife vidare nordover og har vore registrert i USA.

Underartar Underartane etter AviList v2025: V. c. cayennensis, (Gmelin, JF, 1789), lever i Mellom-Amerika frå Nord-Honduras (og utviding nordover) sørover gjennom Sør-Amerika nord for Amazonas

V. c. lampronotus, (Wagler, JG, 1827), lever sør for Amazonas-elva og aust for Andesfjella til Sør-Uruguay og sentrale Argentina (La Pampa-provinsen og sørlege Buenos Aires-provinsen

V. c. fretensis, (Brodkorb, P, 1934), lever i sørlegste Argentina og Chile (Patagonia) til sørlegaste Tierra del Fuego

V. c. chilensis, (Molina, GI, 1782), Chile frå Antofagasta til Chiloé-øya og frå vestlege Mendoza- til Neuquénprovinsen i Argentina

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Southern lapwing» frå , den 28. mars 2026

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Lofamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen