Europadagen er ein dag som feirar fred og samarbeid i Europa. Dagen blir feira 5. mai av Europarådet og 9. mai av EU.
Historie Den 9. mai 1950 vart Schuman-planen presentert for verda av den franske utanriksministeren Robert Schuman. Planen er rekna som eit sentralt dokument i skipinga av det som seinare vart EU. Dagen feirar fred og samarbeid i Europa.
I 1964 vart ministerkomiteen til Europarådet einige om å feira 5. mai som europadag, etter datoen Europarådet var skipa, 5. mai 1949.
I moderne tid er EU sin europadag 9. mai best kjend.
Kjelder
Kategori:EU Kategori:Europarådet Kategori:Mai