Oscar Bobb () er ein norsk fotballspelar frå Oslo som gjer teneste for den engelske klubben Fulham FC. Han er ein teknisk, kjapp kantspelar.

Karriere Klubbspel Bobb skreiv kontrakt med Manchester City i juli 2019, men måtte vente heilt til 2. september 2023 før han kom på bana. I august 2024 braut han ein fot og det tok over eit halvt år før han var klar for spel. Han lukkast ikkje etablere seg i kamptroppa og i januar 2026 vart han overført til ligarivalen Fulham FC.

Landslagsspel Knapt seks veker etter han fekk sin debut i klubbfotball, debuterte Bobb den 12. oktober 2023 på det norske landslaget mot Kypros. Fram til 8. juni 2024 var han innbytar i sju av åtte kampar, skåra det andre målet då Noreg vann 2-0 over Færøyane den 16. november 2023 og Noregs mål i 1-2 tapet mot Tsjekkia 26. mars 2024. Etter eit heilt års fråvere fekk han 6. juni 2025 atter spele landskamp. Gjennom året 2025 deltok han i seks av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Per 1. april 2026 var Bobb bokført med 18 landskampar og 2 skåringar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oscar Bobb» frå , den 10. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Fulham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026