Terje Viktor Nyberget () er ein norsk offiser og politikar. Han representerte Troms og Framstegspartiet i Stortinget frå 1989 til 1993. Seinare var han aktiv i styringa av Bardu kommune som medlem av partiet Høgre.

Nyberget utdanna seg til befal og offiser i Hæren, seinare også utdanna i økonomi og administrasjon. Frå 1974 til 2012 tente han i Hæren, til sist som oberstløytnant. Sidan var han 2014–17 dagleg leiar for Næringshagen i Målselv.

Nyberget var tidleg aktiv i Framstegspartiet, 1988–91 medlem i Troms fylkesting. Perioden 1989–93 var han stortingsrepresentant frå Troms, fyrst med i Forbrukar- og administrasjonskomité, deretter i Justiskomitéen. I 1991 fekk han plass i Framstegspartiet sitt sentralstyre. Men etter landsmøtet på Bolkesjø i april 1994 var han den einaste uttalte liberalisten i sentralstyret, og han melde seg ut av partiet allereie i mai same året.

Nyberget var medlem av Bardu kommunestyre og formannskap for Høgre frå 2007 til 2019, siste fire åra som varaordførar, vald i samarbeid mellom Høgre og Senterpartiet. I 2023 vart han på ny medlem i kommunestyret i Bardu.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terje Nyberget» frå , den 12. april 2026.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Lokalpolitikarar i Bardu Kategori:FrP-politikarar i Troms Kategori:Høgrepolitikarar i Troms Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Bardu