Friedrich Gerstäcker () var ein tysk forfattar frå Hamburg, død i Braunschweig.

Gerstäcker reiste i 1837 til Nord-Amerika, der han levde eit omskifteleg liv. Mellom anna var han jeger i urskogane og hotellvert i Louisiana. Sidan la han åra 1849-52, 1860-61, 1862 og 1867-68 ut på nye reiser i Nord-Amerika og til Afrika.

Gerstäcker etterlet seg ei mengde skildringar frå Nord-Amerika, og gav ut mange underhaldande forteljingar og romanar. Hans Gesammelte Schriften kom i åra 1872-79 ut i 44 band. På norsk kom Forviklinger i 1895 og åra 1915-17 En sælsom duel, En frierfærd, Hr. Mahlhubers reiseeventyr og Skibstømmermanden. Til sist kom i 1922 Vraket paa koralrevet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Friedrich Gerstäcker» frå , den 14. april 2026.

Kategori:Tyske forfattarar