Pulsatilla nuttalliana, på engelsk kjend som American pasqueflower, prairie pasqueflower, prairie crocus eller pasqueflower, er ein blomstrande plante som finst naturleg i store delar av Nord-Amerika, frå vestsida av Michigansjøen, til nordlege Canada i Nordvestterritoria, sør til New Mexico i sørvestlege USA. Planten er provinsblome for Manitoba og delstatsblome for Sør-Dakota.Chapter 1 2005 South Dakota Legislative Manual The Mount Rushmore State

Skildring Blomane til Pulsatilla nuttalliana utvikler seg før blada, og blømer medan blada nettopp har byrja å dukka opp. Stengelen blomane sit på kan vera ganske lodden eller nesten glatt i teksturen, men aldri heilt hårlaus. Ein ring av tre svært delte støtteblad omkransar stengelen under blomen. Dei er svært ulike dei andre blada til blomens. Kvar blome sit i enden av kvar sin stengel, og kvar plante kan ha mange blomar eller berre ein blome. Blomane har fem til åtte begerblad som er lavendel eller blålilla på farge, og nokre gongar bleike eller nesten kvite. Plantar som har større tal begerblad på blomen, vil vanlegvis gå tilbake til å ha dei meir vanlege seks begerblada seinare. Kronblada har avlang til elliptisk form. Blomane liknar oppovervende klokker og er 20-40 mm lange. Senteret av blomen er lyst gult med ei høgd av 150-200 mjølberarar som omgjev fleire arr. Blømingstida til P. nutalliana er svært tidleg på året, blomane dukkar ofte opp så snart snøen smeltar og blir så snødd på att. Blomane lukker seg i kaldare vêr og opnar seg igjen i varmare periodar.  venstre|mini|Pulsatilla nuttalliana med frø i Cypress Hills Provincial Park i Alberta. Etter bløminga vil dei befrukta blomane utvikla tørre frukter kalla akener med ein fjøraktig hale som er 20-40 mm lang. Eit befrukta arr endrar farge frå kvit til rosa eller rosa-brun. Kvar akene inneheld eit enkelt frø. Frøhovudet ser ut som ein hårete ball med trådar. Silken held fram med å veksa slik at ringen av støtteblad blir sitjande att langt nedover og frøa kjem høgt over blada. Blomar kan setja frø gjennom krosspollinering eller sjølvpollinering, men for å oppmuntra til utkryssing viser arten protogyni, der dei kvinnelege delane av blomen utviklar seg før dei mannlege.

Pulsatilla nuttalliana er ein urteaktig plante som blir 5-40 cm høg. Ein sjeldan gong når han 60 cm når han er fullt utvaksen. Stenglane er mjuke og dekka av korte, fine hår. Basalbada er delte opp i tre delar og kvar bladdel er også delt slik at endedelane er 2-4 mm breie. Enden av bladet har ein svært kort stilk som knyter han til bladstengelen eller nesten ikkje ha nokon stil i det heile. Heile bladet er 3-5 cm breitt, eller sjeldan så lite som 2,5 cm, med ein kontur som ein drope.

Planten har frå ei stor underjordisk pålerot, og kan òg reprodusera seg vegetativt ved å danna nye rosettar frå vertikalt forgreina røter.

Taksonomi venstre|mini|Illustrasjon frå Our Early Wild Flowers av Harriet L. Keeler frå 1916. Mary Keffer var illustratøren. Planten blei fyrst formelt skildra i 1817 som Anemone nuttalliana av Augustin Pyramus de Candolle i Regni vegetabilis systema naturale. I 1823 blei han omklassifisert som Pulsatilla nuttalliana av Friedrich von Berchtold og Jan Svatopluk Presl i O Prirozenosti Rostlin aneb rostlinar.

Saman med andre arter i Pulsatilla er han plassert i soleiefamilien, Ranunculaceae.

Pulsatilla nuttalliana er rekna som ein eigen art av Plants of the World Online (POWO) og av Database of Canadian Vascular Plants (VASCAN). Han er rekna som ein underart eller varietet av Pulsatilla patens som var. multifida av World Flora Online (WFO) og USDA Natural Resources Conservation Service sin database PLANTS. Han er også rekna som ein underart, Anemone patens var. multifida, avFlora of North America (FNA).

Namn På engelsk blir blomen gjerne kalla «pasque flower» eller variasjonar som «western pasque flower», blir ofte brukt på engelsk for denne arten, som referanse til at han blømer rundt påske. I Canada blir han kalla «prairie crocus» på grunn av den generelle likskapen sin med krokus. Tidlegare namn som blei brukt om arten før 1920-talet er mellom anna «hartshorn-plant», «gosling», «prairie smoke» og berre «crocus».

På dakota-språket blir han kalla «hokski-chekpa wahcha» (‘tvillingblome’). På lakota blir han kalla «hoksi' cekpa» (barnenavle) som referanse til utsjånaden på blomstknoppen som kan liknast med navlen til ein nyfødd. På blackfoot blir han kalla «napi» (gammal mann) etter dei grå silkeleaktige hovuda.

Habitat og utbreiing mini|Pulsatilla nuttalliana i Colorado. Dei naturlege habitata til Pulsatilla nuttalliana omfattar kjølige nordlege præriar, opne skråningar, svingel-grasland, granittklipper i skogen, og skogland som er tørre og opne i fjell- og nordlege områda. Dei vil òg veksa i menneskeskapte habitat som snaufelte område, vegkantar og grustak.

Pulsatilla nuttalliana er utbreidd i Nord-Amerika frå Alaska i USA og Nunavut til Ontario og alle dei vestlege provinsane i Canada. I USA veks arten frå Idaho til Wisconsin og sør til Utah, Colorado og delar av New Mexico. Dette området omfattar alle dei øvre statane i Midtvesten og dei sørlege og nordlege Rocky Mountains.

Den globale statusen til arten er registrert som globalt trygg av NatureServe, men dei reknar han òg som ein underart i staden for å vera ein sjølvstendig art. Han er rekna som kritisk truga i Washington, Illinois og Ontario.

Økologi Pulsatilla nuttalliana blir krosspollinert av mange insekt, som honningbier, solitære gravebier, humler og svevefluger. Frøa blir spreidde av vinden eller ved å bli fanga i pelsen til dyr som går forbi.

Næringsverdien til urta er låg, sidan planten er litt toksisk på grunn av at han inneheld protonemonin. Når han blir eten, vil han danna nye blad frå sovande knoppar. Talet på Pulsatilla nuttalliana-plantar aukar på mark under sterkt beite. Arten er tilpassa habitatforstyrringar, inkludert skogbrann. Frøa hans held seg likevel ikkje lenge i jorda.

Dyrking Pulsatilla nuttalliana blir sjeldan dyrka i hagar som prydblome, og blir ofte forveksla med den europeiske arten stor kubjølle (Pulsatilla vulgaris), som er meir vanleg å dyrka. Han kan likevel vera nyttig som prydplante, særleg for dei som er interesserte i innfødde nordamerikanske artar. Arten blir oftare planta i hagar som er meint å likna ein prærie frå den øvre Midtvesten, eller i steinhagar og for sitt næringsverdien sin for bier i våren.

Ferske frø av Pulsatilla-arter, inkludert Pulsatilla nuttalliana, spirer lett utan stratifisering eller anna forbehandling på ca. 3 veker eller litt meir. Frø som har vore tørrlagra i nokre månader vil krevja kjølig fuktig stratifisering i 60 dagar og deretter spira ved temperaturar på 18 til 21 °C. Frøa held seg ikkje godt og skal plantast eller lagrast i kjøle, tørre tilhøve. Planten blir òg formeira ved hjelp av stiklingar til hagar eller habitatrestaurering ved å ta 2-4 cm røttskuttingar og planta dei i godt drenale pottingmedium. Spirer er vanskelege å transplantera, og ved transplantering av plantar av alle storleikar bør ein unngå rotforstyrringar ved å grava opp ein betydeleg mengd jord med planten.

God drenering er av kritisk tyding for helsa til Pulsatilla nuttalliana dyrka i hagar. Dei veks best i fuktig til tørt jordsmonn med nøytrale til litt alkaliske karaktertrekk (7,0 til 8,0 pH) og snødekke om vinteren. Arten er kjend som vinterherdig til USDA-sonene 3-5. I området med varme somrar er plantane mindre stressa om dei har delvis til halvdagsskugge. I område med kalde somrar, som fjellhabitat og nordleg prærie, treng dei full sol. 

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pulsatilla nuttalliana» frå , den 15. april 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Soleiefamilien Kategori:Plantar i USA Kategori:Plantar i Canada