Johan Hammond Wolff () var ein norsk offiser og stortingsmann fødd i Strinda.

Wolff var son til ein prest. Sjølv gjekk han inn i det militære og var offiser frå 1788. Frå 1803 var han kaptein i 1ste trondhjemske regiment, deretter frå 1820 oberstløytnant og sjef for Stavanger nationale musketerkorps. Frå 1828 var han sjef for Indherreds nationale musketerkorps, generaladjutant 1835 og til sist, 1843-47 sjef for trondhjemske gevorbne musketerkorps.

Wolff representerte Stavanger i Stortinget 1827 og i omframtstortinget 1828. I 1827 hadde han sete i Lagtinget og deltok såleis i Riksretten. Han var elles medlem i Militærkomiteen og i komiteen om kjøpstadskatten, og 1828 i komiteen om vernepliktslova.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Norske militære