Henrich Jørgen Resch () var ein norsk kjøpmann i Christiania.
Resch var fødd i Skogn, faren var sorenskrivar. Sjølv slo han seg ned i Christiania der han fyrst var kompanjong med grosseraren Marcus Pløen. Seinare var Resch vinhandlar på eigen fot. I 1818 møtte han i Stortinget som 1. representant frå hovudstaden. Han var medlem i 11 komitear, mellom dei komiteane om kjøpstadrett for Drøbak, om sal av staten sine glasverk og om veksellova.
Resch levde ugift og oppretta eit legat på 4 000 spesiedalar til dei fattige i Christiania.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Oslo