Marcus Holmgren Pedersen () er ein norsk fotballspelar frå Hammerfest som tida 2021-26 har delteke i 31 av Noregs landskampar, alltid som høgreback. Han er sidan 2024 aktiv i italienske Torino FC.

Karriere Klubbspel Pedersen debuterte for Tromsø IL i eliteserien i 2018. Etter at laget i 2019 rykte ned til nivå 2 i seriesystemet, flytta han til Molde FK. Gjennom 2020 fekk han mykje speletid på eit som kom på sølvplassen i eliteserien, Bodø/Glimt vart seriemeister. I juni 2021 vart han overført til nederlandske Feyenoord, der han i 2023 vart seriemeister. Sesongen 2023/24 gjorde han teneste i italienske US Sassuolo i Serie A. Ettersom Sassuolo rykka ned, byrja Pedersen i august 2024 å spele for Torino FC, framleis Serie A.

Landslagsspel 1. september 2021 fekk Pedersen sin landslagsdebut då Noreg og Nederland spelte uavgjort 1–1 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. Han var jamnt med i den norske startoppstillinga fram til 2024. I kvalifiseringa til Fotball-VM 2026 var han innbytar i to av dei åtte kampane. Per 1. april 2026 stod han med 31 kampar og ingen mål i den norske landslagsdrakta.

Merittar 2023: Nederlandsk seriemeister med Feyenoord

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Marcus Holmgren Pedersen» frå , den 25. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Torino-spelarar Kategori:Sassuolo-spelarar Kategori:Molde-spelarar Kategori:Tromsø-spelarar Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026