Ole Mikal Kobbe () var ein norsk offiser, kommunal tenestemann og politikar for Høgre. 1950–53 var han stortingsrepresentant for Trondheim og Levanger.

Kobbe voks opp i Bodø. Etter å ha gått Krigsskulen, vart han i 1914 utnemnd til kaptein i 1914 og major i 1930. I det sivile liv var Kobbe funksjonær ved Lundemo Bruk og sidan Orkla Grube-Aktiebolag. Frå 1921 var han tilsett hos finansrådmannen i Trondheim kommune, 1926–27 kontorsjef for fattigstellet og 1927–33 kemner. Til sist var Kobbe sjølv finansrådmann i Trondheim kommune 1933–49, bortsett frå nokre år under okkupasjonen då NS-styret avsette han.

Kobbe var elles styreformann 1924-54 i Adresseavisen. 1950-53 var han ordførar i representantskapet i Trondhjems Sparebank og 1951–53 styreformann i livsforsikringsselskapet Sparetrygden. Medan han var finansrådmann i kommunen var han formann i hamnestyret i Trondheim, ein sentral posisjon i nærings- og byutviklinga.

Kobbe var 1931-34 medlem i  Trondheim bystyre. Hausten 1949 vart han vald til å representere kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag i Stortinget. 1950–53 var han medlem i Kommunalkomitéen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ole Mikal Kobbe» frå , den 28. april 2026.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Rådmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Bodø