Steinar Moldal () er ein norsk formidlar av handverkstradisjon.
Moldal arbeidde i 11 år som tømrar før han tok sveinebrev i 1975 og meisterbrev i 1977. I 1978 var han ferdig utdanna ingeniør. Etter utdanninga var han lærar i tømrarfag ved Hjerleid vidaregåande skule i 25 år. Frå 1989 har han arbeidd med dokumentasjon av handverk over store delar av landet i regi av Norsk Handverksinstitutt. Han har vore dagleg leiar av Senter for bygdekultur og Dovre handverksenter. Han har og stått for oppbygginga av Bygningshistorisk park på Dovre og vore ein sentral figur i oppbygginga av eit fagleg miljø kring tradisjonshandverk.
Kjelder
Kategori:Norske tradisjonsberarar