mini|Romersk bronsestylus med løvehovud. Den breie enden blir nytta til å glatta vokstavla med og den spisse enden blir nytta til skriving. mini|Fire stylusar frå mellomalderen. To er av jern, ein av messing og ein av bein. mini|Stylus funnen i Birka. mini|Vokstavle med stylus. Ein stylus er ein liten penn i eit hardt materiale som blir brukt til å skriva eller peika med, tradisjonelt på leirtavler og i moderne tid på handhaldne datamaskinar. Den tradisjonelle skrivereiskapen blei laga av bein eller metall. Moderne stylusar blir laga av hard plast.
Stylusen er kjend heilt frå 3000-talet f.Kr., då han blei brukt til å skrive kileskrift. Ordet «stylus» har opphav frå det greske ordet στυλος, ‘søyle’. Gjennom etruskisk blei det til det latinske ordet stilus.
I antikken var ein stylus ein stift av bronse som ein brukte for å skriva med på ei vokstavle. Sidan byrjinga av 1100-talet brukte ein òg mjukare metall som bly, sølv eller tinn, men òg bein, horn og tre. Sidan 1200-talet har dei fleste stylusar hatt ein metalltorn i spissen og eit firkanta eller eit breitt utvida hovud som ein kan nytta til å glatta ut det som er skrive og dermed nytta tavla igjen.Schwarz-Mackensen 1976
Griffel er ei anna nemning for ein liknande skrivereiskap som stammar frå gresk γραφειον, grapheion, ‘skriva’. I seinare tid var griffel ein vanleg reiskap laga av skifer som blei nytta til å skriva med på tavler som også var laga av skifer.
I 1957 introduserte Tom Dimond ein styluspenn som ein reiskap til eit elektronisk instrument. Sidan har blant anna Nintendo nytta styluspennar til sine handhaldne spelkonsollar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stylus» frå , den 27. mai 2026. oppgav desse kjeldene: Else Roesdal (red.), Daglig liv i Danmarks middelalder – en arkæologisk kulturhistorie. Aarhus 2004. Gesine Schhwarz-Mackensen, Die Knochennadeln von Haithabu. (Berichte über die Ausgrabungen in Haithabu 9), Neumünster 1976.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skrivereiskapar