Hasely Joachim Crawford () er ein tidlegare friidrettsutøvar fra Trinidad og Tobago som vart olympisk meister på 100 meter i 1976.
Aktiv I 1972 overraska Crawford ved å ta seg til OL-finalen på 100 meter i München. Ein strekk førte til at han braut løpet etter 80 meter. I 1975 vart han andremann på same distansen i panamerika-leikane i Mexico-byen.
24. juli 1976 gjorde han sitt livs løp under dei olympiske leikane i Montreal. På 100-meteren presterte han livsbeste 10,06 sekund og viste Don Quarrie frå Jamaica og tittelforsvarar Valerij Borzov frå Sovjetunionen til sølv- og bronseplass med ein margin høvesvis 2 og 8 hundredels sekund. Crawford vart dermed den fyrste frå Trinidad og Tobago som vann ein olympisk gullmedalje. Han kom også til finalen på 200 meter, men trekte seg grunna skade.
I Trinidad og Tobago fekk han status som nasjonalhelt, både eit fly og eit idrettsanlegg fekk namn etter han, og han vart framstilt på frimerke. Etter 10,09 og ein tredjeplass ved samveldeleikane 1978, bak Don Quarrie og skotske Allan Wells, makta ikkje Crawford å prestere på tidlegare nivå. Han deltok i så vel Sommar-OL 1980 som i Sommar-OL 1984, i begge leikane rauk han ut or 100-meterstevlinga i kvartfinalane.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Hasely Crawford» frå , den 12. juni 2026.
Kategori:Trinidadiske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Trinidad og Tobago Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Trinidadiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Trinidadiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Trinidadiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Trinidadiske deltakarar under sommar-OL 1984