mini|Ein jad mini|Rabbinaren Gerald Weider med torarullen og ein jad. Jad (, ‘hand’) er ein peikestav nytta til å følgja teksten under toralesing. Jaden, som òg er kjend som torafinger eller toravisar, består som regel av ein stav laga av sølv, med ei hand med utstrekt peikefinger i eine enden. Bruken av jad skal hindra at dei handskrivne skriftrullane blir rørte ved av menneskehender og held seg rituelt rein, ettersom Toráen blir sett på som heilag. Jaden tener òg som hjelp til opplesing frå torarullen under gudstenester.
Jaden er ein del av torautsmykkinga, og blir lagra saman med toraen i toraskrinet. Reiskapen kan vera laga av ulike materiale, men sølv er særs vanleg.
Medan ein opplesar eller rabbinar fører jaden langs tekstlinjene i toraenunder gudstenester, og framfører teksten i eit messande toneleie, stadfester ein assistent som har teksten i den stipla utgåva føre seg om ḥazzánen si framføring er nøyaktig og korrigerer etter behov. Antikke jadar er ettertrakta samleobjekt for samlarar av judaika.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jad» frå , den 22. juni 2026.
Litteratur
Julius H. Schoeps: Neues Lexikon des Judentums. Gütersloher Verlagshaus, München 2000, . Anna Rapp Buri: Jüdisches Kulturgut in und aus Endingen und Lengau. verlag regionalkultur, Ubstadt-Weiher 2008, .
Bakgrunnsstoff
Søk etter jad ved Digitalt Museum
Kategori:Jødisk utøving Kategori:Leseutstyr Kategori:Hebraiske ord og uttrykk