mini|Bushen i Australia Busen (engelsk ) er eit daglegdags uttrykk for grisgrendte eller aude område fleire ulike stadar, blant anna i Australia, New Zealand, Afrika sør for Sahara, Canada og Alaska. Den nøyaktige definisjonen varierer mellom ulike område og ulike tider. Ordet er truleg avleidd frå nederlandsk , ‘skog’, og blei opphavleg nytta med denne tydinga. Etterkvart fekk det ulike valørar knytte til dei villare eller meir naturlege delane av ulike engelske koloniar.

I Australia blir den lokale bushen ofte rekna som ein viktig del av den nasjonale identiteten. Han opptrer i litteraturen både som ein trugande og ein særmerkt stad med mystiske, andelege eigenskapar. Ordet blir nytta i ei rekkje australsk-engelske uttrykk, som bush band, bush dance, bush tucker, bush mechanic, bush ballad og bushranger.

Sjå òg Bushen i Alaska Bushranger Outback Villmark

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bushen» frå , den 25. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Australsk geografi