Onni Rafael Rajasaari () var ein finsk friidrettsutøvar frå Hanko som tevla i tresteghopp og lengdehopp. I 1938 vart han europameister i tresteghopp.
Aktiv Rajasaari vart nummer 11 i tresteg-tevlinga under Sommar-OL 1932 i Los Angeles. To år seinare la han beslag på bronsemedaljen i øvinga då EM i friidrett 1934, den fyrste i sitt slag, vart avvikla i Torino. Under dei olympiske sommarleikane 1936 i Berlin vart han berre nummer 13 i tresteg, medan han i lengdehopp vart slått ut før finaleomgangane.
Europameisterskapen 1938 i Paris var Rajasaari heilt suveren i tresteghopp, hoppa 15,32 meter og slo andremann med 37 centimeter. 16. juli 1939 sette han europarekord i tresteghopp i Lahti. Rekorden på 15,52 meter stod til Leonid Sjtsjerbakov frå Sovjetunionen sletta den i 1950.
Alle åra 1933–39 vart Rajasaari finsk meister i tresteghopp, i 1938 triumferte han også i lengdehopp. Han var aktiv til 1943.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Onni Rajasaari» frå , den 3. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Finske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936