Gudtorm Vatndal () var ein norsk lærar og sosialarbeidar frå Skånevik i Hordaland.

Vatndal tok eksamen 1888 ved Stord seminar. Fram til 1899 var han lærar ymse stader. Frå 1899 til 1940 var han styrar og lærar på Bergens Guttehjem, fyrst i Bergen by og frå 1905 på garden Garnes i Haus herad. På Garnes fekk han dyrka opp jord og reist bygningar og gardsbruk som ein lekk i oppsedingsarbeidet for guteheimen. Heimen var for gutar i alderen 4 til 16 år med opptil 65 gutar om gongen.

Vatndal skipa i 1911 Norsk Barnehjemslag og hadde ei mengd tillitsverv. Han vart i 1954 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag, også heiderslem i Vestmannalaget.

Kjelder Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1966.

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Osterøy Kategori:Folk frå Etne