Daniel Dyrstad Hildenes () er ein norsk lokalpolitikar for Høgre. Ved kommunestyrevalget i 2023 vart han vald inn som fast representant i Stad kommunestyre. Han markerte seg historisk som den yngste faste representanten i Stad kommune si historie, i ein alder av 18 år.

Politisk karriere Hildenes starta det politiske engasjementet sitt i ungdomspartiet Unge Høgre. Han har hatt fleire leiande lokal- og fylkesverv i organisasjonen:

2021–2022: 1. nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre. 2022–2023: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre. Gjennom dette vervet sat han òg som fast medlem i Unge Høyre sitt landsstyre. Lokalforeiningsleiar: Han har i tillegg leidd lokalforeiningane Nordfjord Unge Høyre og Stad Unge Høyre.

I forkant av stortingsvalet 2025 var han ein av ungdomskandidatane i nominasjonsprosessen for Vestland Høyre (Sogn og Fjordane valdistrikt).

Kommunale verv Under kommunestyrevalet i 2023 vart han vald inn frå 3. plass på Høyre si liste i Stad kommune. Med sine 18 år sette han ein historisk aldersrekord som den yngste folkevalde kommunestyrepresentanten i samanslåtte Stad kommune (inkludert dei historiske grensene for tidlegare Eid og Selje kommuner).

I kommunestyreperioden 2023–2027 har han følgjande verv:

Medlem av kommunestyret Nestleiar i Samfunnsutvalet Særskilt oppnemnd representant til å ivareta interessene til barn og unge i plansaker

I lokalpolitikken har Hildenes markert seg med eit særleg engasjement for distriktspolitikk, ruspolitikk, samt etablering av trygge møteplassar og sosiale arenaer for ungdom i Nordfjord-regionen.

Næringsliv og privatliv Utanom politikken har Hildenes arbeidd i barnehagesektoren og daglegvarehandelen på Nordfjordeid. I juni 2026 tok han over som dagleg leiar og styremedlem i handelsbedrifta Vest Kort AS.

Han er busett på Nordfjordeid.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Stad kommune – Kommunale politiske verv