Egon Caesar Corti ( var ein austerriksk militæroffiser og forfattar, fødd i Zagreb og død i Klagenfurt.

Corti var av offiserslekt og tok til i det militære, der han var løytnant i eit dragonregiment. Under fyrste verdskrigen gjorde han teneste i den austerrikske hæren. Etter krigen studerte han historie ved universitetet i Wien. På 1920-talet byrja han skrive bøker, meir eller mindre biografiske verk om historiske personar, dei fleste frå det 19. hundreåret. Bøkene nådde eit stort publikum. Verka Rothschild, En keiserinnes skjebne, En keisers tragedie og Byene som Vesuv begravde kom ut på norsk i tida 1929–41.

I 1938, etter Tyskland annekterte Austerrike, forsøkte Corti å verte medlem i nazistpartiet, utan hell, grunna i at kona han var av jødisk opphav.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Egon Caesar Conte Corti» frå , den 31. juli 2026.

Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Austerrikske militære Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Zagreb